Adventsnatt i Ulstein kyrkje laurdag 29. november til søndag 30. november

Velkomen til adventsnatt i Ulstein kyrkje! Ulstein kyrkje inviterer 11-åringar til eit døgn med aktivitetar og overnatting i kyrkja. Advent handlar om lyset som kom til verda – i tillegg til at første søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår. Dette skal vi feire i lag. Advent er ei fin tid til å vere oppmerksom på det som skjer rundt oss, overfor Gud, kvarandre og oss sjølv.

Publisert:

Adventsnatt i Ulstein kyrkje laurdag 29. november til søndag 30. november

Laurdag 29. november kl 16:00 startar vi med registrering i kyrkja. Denne dagen skal vi bli kjende med kvarandre, ha kreative aktivitetar, utforske kyrkja, lage gudsteneste, lære LysVåken-songen, sjå film og kose oss med god mat, og til slutt sove i kyrkja.

Det er valfritt om barna vil sove i kyrkja eller heime natt til søndag. Hvis barnet har vanskar med å falle til ro ved overnatting i kyrkja tek vi kontakt etter ei stund slik at føresette kan hente barnet til ei god natt med søvn heime.

Søndag 30. november et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta kl 11.00, som vi tek del i. Foreldre, søsken, familie og fadrar er som alltid hjarteleg velkomne til å kome på gudstenesta. Vi avslutter Adventsnatt i kyrkja med kaker på kyrkjekaffien (ferdig til kl 13.00).   

For at Adventsnatt skal bli ei trygg og god oppleving for alle, treng vi hjelp frå nokre foreldre. Det gjeld litt kjøkkenhjelp, men spesielt vaksne nattevaktar i kyrkja. Utan vakne nattevaktar har vi ikkje lov til å overnatte i kyrkja. Foreldre kan melde interesse for desse oppgåvene i påmeldingsskjemaet.

Påmeldingsfrist 26. november.

Deltakaravgift er kr 150,- Dette hjelper oss å dekke noko av utgiftene til måltid, samt utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg Adventsnatt i kyrkja.

Oversikt over kva du treng å ta med deg, får du på e-post via foreldra dine når det nærmar seg.

Om du ikkje mottek e-post med stadfesting av påmelding, sjekk søppelpost.

Påmelding til Adventsnatt

Bruk av bilete til bruk i Ulstein sokn sitt informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg. Eg tillet bruk av bilete av mitt barn.
For at Adventsnatt skal bli ei trygg og god oppleving for alle, treng vi hjelp frå nokre foreldre. Det gjeld litt kjøkkenhjelp, men spesielt vaksne nattevaktar i kyrkja. Utan vakne nattevaktar har vi ikkje lov til å overnatte i kyrkja.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"