I år 2000 starta dei tidlegare NMS misjonærane Solveig og Dag Johannessen Immanuel musikkskule i Klong Toey – slummen i Bangkok. Dei starta med å lære opp born i slummen til å spele klassisk musikk på fiolin og etter kvart fleire strykeinstrument, piano, gitar, kor og orkester. Musikkskulen har i mange år vore med på å forandre liv til mange barn og unge som veks opp i stor fattigdom og vanskelege livssituasjonar.
Men kvifor velje musikkundervisning som verktøy for barn og unge som lever i eit område med mykje fattigdom, kriminalitet og rus? Kva er det med musikk som gjer det til eit godt verktøy for å gjere barn og unge meir robuste og motstandsdyktige mot risikoen dei veks opp i?
Dette er spørsmål vi skal sjå nærmare på denne kvelden samstundes som vi skal få bli litt betre kjent med arbeidet som NMS misjonærane starta i 2000 og som no har blitt til ein eigen stiftelse som heiter Immanuel Orchestra – Music for life foundation.