Nynorsk salmebok fyller 100 år. Torsdag 16. oktober klokka 19 vert jubileet markert med ein salmekveld i Ulstein kyrkje. Dit kjem forfattar Marit Kaldhol for å fortelje den spennande historia om salmeboka – om haldningar i tida, om motstand og framgang, og ikkje minst om dei tre karane i komiteen: Bernt Støylen, Anders Hovden og Peter Hognestad – to sunnmøringar og ein rogalending. Historia om Nynorsk salmebok er også historia om korleis me fekk nynorsk kyrkjemål, og kva det fekk å seie. Tilskipinga er eit samarbeid mellom kyrkja og Ulstein mållag.
Det blir sjølvsagt også allsong frå Nynorsk Salmebok, akkompagnert av kantor Michelle Öhmann på orgel / piano
Torsdagskveld: Nynorsk salmebok 100 år
Torsdag, 16. oktober kl.19:00 (!!) i Ulstein kyrkje
Publisert:
