Vi legg til rette for vigsel i ei av kyrkjene i Nord-Fron alt ettersom kva dykk ønsker.
Kom som du er
I våre kyrkjer kan de kome akkurat som de er, i kvardagsklede eller pynta om de ønskjer det. De må ha med prøvingsattest og ID. Det kan godt vere ei enkel vigsle. Kyrkjekontoret kan ordne med enkel servering i med kake og kaffi etter vigsla, dersom de ønskjer det.
Prøvingsattest
Presten har ein samtale med dykk før vigselen.
Det einaste de må førebu, er å ha med utskriven prøvingsattest og forlovarar. Viss ikkje stiller vi som vitne. Prøvingsattesten blir bestilt hos Skatteetaten i god tid før bryllaupet, gjerne fire veker før for å vere sikre på å få han i tide. Utan prøvingsattest kan de ikkje bli gifte.
Ikkje nøl med å ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 61 21 62 90 om du lurer på noko.
