Om leiren
Leiren er for barn i 1.-7.klasse. Det er mogleg å ha med seg éin vaksen på leiren. Vi sett ingen aldersgrense for dette, då de sjølve veit best om barnet er komfortable med å vere utan føresette gjennom leiren. Leiren passar fint for både erfarne leirdeltakarar og dei som aldri har vore på leir før. VELKOMMEN!
Program
Laurdag
12.00 Vi «sjekker inn» på romma våre
12.30 Bli kjent-samling og lunsj
13.30 Fellessamling med tema for helga: «JULEEVANGELIET i 2025 – eit talkshow utanom det vanlege!»
Grupper: velg mellom pepperkakebaking (og pynting sjølvsagt!), beat-boxing med Mathias Kvalen og julepyntverkstad
16.00 Fritid
17.00 Middag
19.00 Julekino med popcorn og smågodt
21.00 Kveldssamling
Søndag
07.00 Adventsmorgonkos: adventsbarneTV ruller på storskjerm, vi fyrer i peisen, vi teiknar og bygger lego.
09.00 Frokost med tenning av adventslysa
10.00 Samling med øving av talkshow til avslutningsssamling
11.30 Frileik: aking, uteleik, ski, brettspel, lego, teikning
Lunsj står framme frå ca kl 12.00, vi et når vi er sultne.
13.00 Foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, onkler og venner er velkomne til å bli med oss på
siste del av leiren. Vi har ei avslutning med litt program frå scena og etter dette blir det
grautfest med allsong og utlodding.
Vi avsluttar ca kl. 15.00
Pakkeliste
MÅ ha med
- tannbørste og tannkrem
- pysj
- innesko
- gode uteklede
- nok tørt skift
- sengetøy eller sovepose og laken
KAN ha med
- kosedyr
- akebrett
- ski
- ta gjerne med eit brettspel du likar og vil spele med dei andre
- hovudlykt eller lommelykt
Mobil
Det er lov å ha med seg mobil eller klokke. Den skal ligge på rommet og som hovudregel ikkje vere bruk. Det er lov å ringe heim å seie god natt om kvelden. Om nokon ikkje har telefon eller de ikkje ønsker barnet skal ha den med, er det mogleg å låne telefon ved behov.
Påmelding
Påmelding sendast til prosjektkirketeigen@gmail.com eller til Hildegunn Ruset på mob: 95935300 innan måndag 1.desember.
I påmeldinga treng vi namn på barnet, namn og telefonnummer til føresett og informasjon om eventuelle allergiar eller anna informasjon vi treng for å gi ditt barn ei god oppleving på leir.
Leiren kostar 350kr per barn (medlem i Laurdagsklubben er sponsa av klubben og deltaking er gratis for dei). Vaksne som følger barn er med gratis.
Om arrangørane
Denne leiren er arrangert i samarbeid mellom foreininga Nye Kirketeigen og Laurdagsklubben. Nye Kirketeigen er ei frivillig, ideell foreining som driftar Kirketeigen på Kvam. Formålet med foreininga er å legge til rette for at det kan drivast kristent barne- og ungdomsarbeid på Kirketeigen. Laurdagsklubben er ein klubb i Søndagsskulen, med base på Vinstra.
Har du spørsmål om oss eller vårt arbeid? Lurer du på meir om leiren? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Det er mogleg å delta på programmet laurdag og søndag utan å overnatte. Skriv då dette i påmeldinga.
Last ned program og info om påmelding
