Ungdommens kirkemøte 2025

3-6 oktober vart det arrangert Ungdommens kirkemøte (UKM) på Sundvolden hotell. Tone Susanne Kvasjord og Knut Skjerdal (leiar og nestleiar av Agder og Telemark bispedømme sitt ungdomsråd) vart sendt av garde som delegata.

Publisert:

Ungdommens kirkemøte 2025
Ungdommens kirkemøte 2025

Desse to representerte dei unges røyster frå Den norske kyrkja i Agder og Telemark bispedøme. 

UKM er eit nasjonalt organ, og det øvste organet for ungdomspolitikken i Den Norske kyrkje. Gjennom helga har me behandla saker i komite som me har lagt fram for resten av UKM. Tone Susanne sat i komitéen som jobba med saka: "Den norsk kyrkje mot mobbing". Denne saka vart einstemmig vedteke. Tone Susanne meiner det er eit viktig dokument og er godt nøgd. «Det er viktig at Den Norske kyrkje også tek kampen mot mobbing. Det er veldig gledeleg at denne saka vert snaka om i Den Norske kyrkja.» seier Kvasjord, som tidlegare har vore ut i avisa og snaka om Mobbing. 

Knut sat i komitéen som Jobba med fokussaken for 2025; "What Would Jesus do?" Denne saka vart også einstemmig vedteke. Knut er godt nøgd med dokumentet og syntes det har vore ein kul og spanande sak å jobbe med. Han ser fram til å behandle denne saka på Ungdomstinget som ungdomsrådet er med å arrangere i Fyresdal i november. Knut vart også vald inn som ein av tre delegatar som skal representera UKM på kirkemøte i mars 2026.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"