Klare for ein ny haust

Tysdag 19. august til onsdag 20. august var staben på bispedømekontoret samla på Vigmostad prestegard. Vi har hatt mange gode samtaler og arbeidsøkter, og er no klare for ein ny haust.

Publisert:

Bilde fra samlingen
Bilde fra samlingen

Bispedømekontoret har som mange veit vore gjennom eit vanskeleg år, med nedbemanning og avskjed med fleire gode medarbeidarar. 

No må vi sjå framover, og det var fint å samlast på denne måten i to dagar for å forberede hausten. 

Vi har brukt dagane på å snakka om strategi, om korleis vi som kontor skal samhandla betre, og korleis vi skal bli enda betre støtte for kyrkjelydane og dei som jobbar der. Vi har hatt gode samtalar, bøn og nattverd i kapellet, men óg mykje moro og sosialt fellesskap. 

Vi var på Vigmostad, på prestegården retreatsted, som verkeleg var ei perle og ein fin stad å komme til. Meir om denne staden kan du lese på www.prestegarden.no. 

Oppdatert informasjon om kven som jobbar på bispedømekontoret kan du finne på nettsidene våre. Vi vil vere ein ressurs for dei som jobbar i kyrkjelydane, og er glade for alle som tek kontakt med oss! Er du usikker på kven du skal snakke med, så ring gjerne sentralbordet: 38 10 51 20, så vil vi hjelpe deg så godt vi kan. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"