Planlegging av dåp

Her finn du nyttige tips til planlegging av dåp.

Etter at det er avtalt dåp i kyrkja tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Samtalen finn anten stad i heimen eller  i kyrkja. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga.

Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventiuelt andre ting vert avklart.

Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, og vere medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.

Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"