Ein relasjonsbyggjar

For Arild Tjørve var det eit enkelt val: Han ville bli diakon framfor prest, for å kome enda tettare på folk.

Diakonen blir av somme skildra som kremen i blautkaka. Det som bind laga i kyrkja saman. Diakoni er omsorgstenesta i kyrkja.

Det var moglegheita til å bygge relasjonar som gjorde at Arild valde diakonien. Han blei utfordra av menneske som såg dei gode eigenskapene han hadde til å omgåast andre menneske.

– Desse sidene ved meg blei både sett og sett pris på, og det gjorde meg trygg i yrkesvalet. Å jobbe med menneske, og å vere tilstedades i opp- og nedturane deira, er det beste med diakonjobben, fortel Arild.

Han jobbar til dagleg i Vågsbygd utanfor Kristiansand. Sørlendingen flytta «heim» etter å ha jobba nokre år som ungdomsdiakon i Oslo.

– Det var spanande å gå frå å jobbe med berre unge til å ha ansvar for heile kyrkjelydens diakoniarbeid. Større aldersspenn og ulike menneske har gitt nye perspektiv, fortel Arild.

Å jobbe med menneske, å vere til stades i opp- og nedturane, er det beste med jobben.

Å jobbe med menneske, og å vere tilstedades i opp- og nedturane deira, er det beste med diakonjobben. -

Stor betydning
Arbeidskvardagen er varierande. 35-åringen held andakt på sjukeheim, har heimebesøk eller går i møte med kommunen for å finne ut korleis dei saman kan bidra til å gjere best mogleg innsats for menneska rundt seg.

Det er ikkje alltid lett å finne rom for å berre vere i seg sjølv i eit slik yrke, der ein jobbar så tett på menneske. Arild understrekar at det er viktig å skape rom til eigentid.

– Eg må av og til trekke meg tilbake og vere saman med Gud og kjenne på krafta frå han. Det er ikkje alltid så lett å putte det inn i travle arbeidsdagar, men eg forsøker å få det til.

Men at arbeidet han gjer for menneska rundt seg betyr noko, har han fått stadfesta fleire gongar.

– Eg møtte ei jente som hadde vore konfirmant hos oss for nokre år sidan. Livet var vanskeleg, og då kom ho tilbake til kyrkja. Her var det trygt og godt å vere. Konfirmanttida hadde gjort inntrykk, og det var den gode kjensla og verdien ho hadde her som ho ønska å få tilbake. Ei slik oppleving gjer meg glad, fortel Arild.

Meir synleg
Mange synest det er likskapar mellom yrka prest og diakon. Det er det. Arild deltek også i gudstenester og held av og til preike. For han handlar diakoni om moglegheita til å gjere noko meir. I diakoni blir ord til handling.

Han ønsker å gjere diakoniarbeidet enda meir synleg.

– Vi diakonar må bli meir frimodige. Søndagen og gudstenestene er uansett hovudsamlinga i kyrkja, og då må vi 'melde oss på' – vere liturger, eller halde preike av og til. Vi må vise kva diakoni er, kva vi er utdanna til og kva vi er opptekne av. Vi gjer andre godt, seier Arild Tjørve.

(Foto: Jarle Hagen Studio)