Ledig stilling som kyrkjelydspedagog

Storfjorden kyrkjelege fellesråd har ledig 50%stilling som kyrkjelydspedagog eller kyrkjelydsmedarbeidar frå 01.09.24.

Medarbeidaren vil få ansvar for trusopplæringa i alle sokna i Stranda og Fjord kommunar etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer og kyrkjelydshus, og i nært samarbeid med den andre kyrkjelydsmedarbeidaren og med sokneprestane.

Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv.

Arbeidsoppgaver

  • Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
  • Drive eller starte opp kontinuerlig arbeid i bygdene saman med frivillige. Eks.
    barnekor, babysang, småbarnsang, ulike barnegrupper.
  • Rekruttere, utruste og rettleie frivillige medarbeidarar
  • Bidra i skule-/ kyrkjesamarbeidet saman med kollegaer.
  • Legge til rette for aktivitetsdagar og pilegrimsvandringar for born.
  • Andre oppgåver etter kyrkjelydane sine behov og etter avtale med kyrkjeverje
  • Delta i stabsmøter.
  • Du må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid, og at det i enkelte periodar er
    større aktivitet enn andre.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad med kristendom og pedagogikk.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid.
  • Du behersker norsk muntleg og skriftleg
  • Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
  • Du er medlem i Den norske kyrkje

Personlige egenskaper

  • Kontaktskapande med evne og vilje til å utvikle godt samarbeid mellom heim og
    kyrkje.
  • Glad i å arbeide med barn og unge
  • Kreativ og nyskapande
  • God formidlingsevne og god motivator.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
  • Alle søkjarar vert vurdert etter personlege eigenskapar i tillegg til kompetanse og
    erfaring.

Vi tilbyr

  • Ein positiv og kreativ stab
  • Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger i KLP
  • Har bedriftshelseteneste
  • Tilbod om relevante kurs og høve for vidareutvikling i jobben

 

Annet

  • Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
  • Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter Trussamfunnslova §20.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Petra Riste Synnes, tlf. 91519869

Søknad med CV sendast: Storfjorden kyrkjelege fellesråd, Postboks 32, 6201 Stranda, eller epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Søknadsfrist 20.06.2024

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"