Utnemnd til Riddar av 1. klasse

Leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum er utnmend til Riddar av 1. klasse i Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

Kansellisjef Mette Tverli overrekte ordensmerket til Kristin Gunleiksrud Raaum (alle foto: Kyrkjerådet / Den norske kyrkja).

Hans Majestet Kongen har utnemnd kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum til Riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden for hennar samfunsnyttige innsats. 

Kansellisjef ved Slottet, Mette Tverli overrakte ordensmerket til Raaum på eit arrangement på Kirkens hus i Oslo. 

– Du har vore ei tydeleg stemme for likeverd og mot diskriminnering i kyrkja. Ein tydeleg bodskap om at ingen skal bli utestengd. I kyrkja skal alle vere velkomne. 

Det sa kansellisjefen ved overrekkinga og heldt fram: – Du vert skildra som ein kunnskapsrik og engasjert kyrkjepolitikar. Du har leia kyrkja gjennom ei tid med store omstillingsprosessar. 

Tverli understreka også Raaum si evne til å vere samlande som øvste folkevalde leiar i Den norske kyrkja:

– Ei overskrift for dit virke er brubyggjar. Det vert sagt at du har ei eiga evne til dialog, og til å byggje god kultur for usemje. Lyttande og oppteken av å finne samlande løysingar.  

Takksam 

– Å vere med på dette har vore ei forplikting og eit privilegium, sa ein tydeleg rørt Raaum etter å ha fått ordensmerket.

– Fordi det også handlar om mitt liv og min plass i kyrkja. Det har vore djupt meiningsfullt å arbeide med dette. 

Raaum uttrykte takksemd til familie, vener, samarbeidspartnarar og dei som hadde sendt inn og støtta søknaden. 

– Mest av alt vil eg rekke ein takk til Hans Majestet Kongen, og eg bed kansellisjefen overrekke mi djupe takksemd til Kongen. Dette betyr meir enn eg fattar.

I arrangementet på Kirkens hus heldt preses Olav Fykse Tveit ei helsing som ein av forslagsstillarane, samt Arne Backer Grønningsæter på vegne av Open folkekyrkja som hadde støtta søknaden. Statsforvaltaren i Oslo, Valgerd Svarstad Haugland, har også handsama og støtta søknaden. Kyrkjeleg kulturverkstad stilte med Solfird Molland som sang til forsamlinga. 

– Takk for orda og for dette arrangementet. Eg tek vare på det i mitt hjarte, sa Raaum. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"