Rekordmange på babysong i kyrkja

Statistikken for Den norske kyrkja viser at rekordmange deltok på småbarn- og babysong i fjor. Deltakartal på konsertar og gudsteneste aukar samanlikna med fjoråret, men er framleis lågare enn før pandemien.

I 2023 var det rekordmange deltakarar på småbarn- og babysong i Den norske kyrkja. Det viser dei foreløpige tala som SSB gjorde offentlege fredag 15. mars. Foto: Torstein Kiserud / Den norske kyrkja.

– Å synge saman byggjer fellesskap, og gjennom babysong vert born og foreldre knytt tett saman, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

Den foreløpige statistikken for Den norske kyrkja viser over 43 700 deltakarar på småbarnssong og babysong i 2023. Det er ein oppgang på 14,6 prosent samanlikna med 2022 og heile 64,1 prosent fleire enn før pandemien.

– Småbarn- og babysong er eit av borna sine første møte med kyrkja, der dei blir kjend med røtene i den kristne trua. Foreldre som ynskjer kan få invitasjonar til ulike samlingar for born etter kvart som dei veks. Kyrkjene våre er fylt med aktivitetar gjennom kvardagen og helgene, og babysong er ein av aktivitetane som stadig fleire deltek på.

Kulturlivet på veg tilbake

Om ein samanliknar med tida før pandemien, er konsert- og kulturlivet i kyrkja er på veg tilbake. Deltakartalet på konsertar i kyrkja aukar med nesten 11 prosent, til 1,17 millionar deltakarar. Men også dette talet er lågare om ein samanliknar med pre-pandemi.

Kyrkjerådsleiaren meiner kyrkja sine konsertar er viktige i norsk kulturliv, og kan kanskje dei kan bety ekstra mykje for folk i vanskelege tider:

– Kulturtilbodet i kyrkja er stadig i vekst, sjølv om det tek tid å byggje seg opp att etter pandemien. I ei tid som folk opplever økonomisk vanskeleg, tilbyr mange kyrkjelydar rimelege, og ofte heilt gratis, konsertar av høg kvalitet.

I kategorien «Andre kulturarrangement» viser statistikken 8,3 prosent fleire arrangement samanlikna med 2022, og ein auke på 2,5 prosent samanlikna med 2019. Dette er arrangement som rommar alt frå skodespel og litteraturkveldar til kunstutstillingar og diktopplesing.

Fleire på gudsteneste samanlikna med fjoråret

Statistikken for 2023 viser og fleire deltakarar på gudstenester i Den norske kyrkja. Samtidig er deltakartalet lågare enn i 2019, som var siste året før pandemi.

Gudstenestedeltakarar aukar frå 4,19 millionar til 4,28 millionar. Det er ein oppgang på 2 prosent frå 2022 til 2023. Samtidig vart det arrangert færre gudstenester, noko som betyr at gjennomsnittleg tal på deltakarar har auka frå 73 til 77 per gudsteneste. 

– Gudstenestene er den faste pulsen i kyrkjelydar over heile landet, og vi ser at fleir kjem til gudsteneste i 2023 enn året før. Samtidig er dette lågare enn før pandemien. Vi må stadig sjå på kva gudsteneste og aktivitetar vi ynskjer å tilby som kyrkje – mange er innom kyrkja på andre tider enn søndag føremiddag, seier Raaum.

Deltakarar på julaftangudsteneste har større auke, og er på veg tilbake mot tala før pandemien, med 7,5 prosent fleire deltakarar i 2023.

– Kyrkja er viktig i høgtidene, og vi ser at mange vil vidareføre tradisjonen med å gå i kyrkja i jula.

Stabile tal for kyrkjelege seremoniar

Den foreløpige statistikken manglar tal frå omlag 20 kyrkjelydar. Likevel viser tala at dei kyrkjelege seremoniane, dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, held om lag same nivå som tidlegare år.

  • 26 190 menneske vart døypt i 2023. Det er færre enn i 2022, som var eit år der rekordmange smårollingar vart døypt, som etterslep etter pandemien. Andelen døypte av fødde ligg stabilt over 50 prosent, slik den gjorde for åra 2020–22 sett under eitt. Dette viser at kyrkja har stoppa nedgangen i dåpstal, og at folkekyrkja enno står sterkt.
  • I 2023 var det 32 571 konfirmantar i Den norske kyrkja. Andelen 15-åringar som vel konfirmasjon i Den norske kyrkja minkar, men dette skuldast mellom anna at 3 000 fleire ungdommar i årskullet.
  • Med 6 326 vigslar er det fleire kyrkjebryllaup i 2023, samanlikna med før pandemien (+ 1,8 prosent). Talet er lågare enn 2022, som hadde det høgste talet sidan 2017 – eit år med mange korona-utsette bryllaup.  
  • 35 688 personar vart gravlagt etter ein gravferdsseremoni i Den norske kyrkja. Dette er rundt 2 400 færre samanlikna med 2022, men heng naturleg saman med at det var færre dødsfall generelt. Andelen som vel gravferd i kyrkja er stabil.

Kyrkjerådsleiaren meiner tala stadfester funna i medlemsundersøkinga frå 2023, som viste stabil oppslutning om kyrkjelege seremoniar.

– Kyrkja er viktig for folk, særleg ved dei store merkedagane i livet. Det viser både statistikken frå i fjor og medlemsundersøkinga der vi spør om medlemmane sine haldningar, seier Raaum og utdjupar:

– Vi jobbar stadig med å gjere dåp og bryllaup tilgjengeleg for alle som ynskjer, til dømes gjennom drop-in. Opplegget for konfirmantar har høg kvalitet der kyrkjelege tilsette brukar tid på å bli kjent med konfirmantane, og følgjer dei i ei viktig periode i livet. På gravferdsfeltet viser fersk forsking at befolkninga gjennomgåande er svært fornøgd med korleis dei vert møtt av kyrkja. Samtidig veit vi at pårørande kan spørje om meir fleksibilitet, og difor har vi no starta arbeidet med å sjå på dette. 

Dei foreløpige talar manglar tal frå omlag 20 kyrkjelydar, og er no tilgjengelege i statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"