Dåp

Dåp er eitt av dei to sakramenta i kyrkja. Jesus sa: "Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande ..."

Jesus har bede oss å døypa (Matteus 28,18-20). Gjennom dåpen gjev han oss den frelsa han vann oss ved sin død og si oppstode, føder han oss på nytt og gjev oss sin Heilage ande (Titus 3,4-7).  Difor døyper me i vår kyrkje både born og vaksne. 

For foreldre som ønskjer at borna skal veksa opp i den kristne trua, er det naturleg å døypa borna når dei er små. Mange kjensler fyller oss når vi står med eit lite barn i armane våre. Vi kjenner på glede, undring og takk. Dåp er ein gammal tradisjon i landet vårt. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født, men han er òg noko meir. Når du døyper barnet ditt, legg du det i Guds vernande hender. Det blir Guds barn og medlem av Den norske kyrkja.

Viss du ikkje vart døypt då du var barn, kan du verta døypt som vaksen. I land der kristne er i mindretal, er dette svært vanleg. Nokon høyrer om Jesus, begynner å tru på han og vert døypt, nokre gonger vert heile familien døypt saman. Viss du er nysgjerrig på kristen tru, men ikkje veit så mykje, kan du ta kontakt med presten (if952@kyrkja.no/tlf. 916 06 626), så kan me sjå på viktige trussanningar saman, og på spørsmål du måtte ha, og så kan du deretter avgjera om du vil verta døypt.

Nokre kan av ulike grunnar ynskja at dåpen skjer utanfor den vanlege gudstenesta.

Slik er det ofte med ungdomar som vert døypte før konfirmasjonen. Men det kan òg gjelda andre, både ved barnedåp eller ved dåp av vaksne. Kanskje nokon som skal vera til stades ved dåpen, slit med angst, har vanskar med store forsamlingar osb. Då kan me avtala ei eiga dåpsgudsteneste berre med familien. Det er òg mogleg å avtala dåp heime dersom det av ulike grunnar ikkje lèt seg gjera å ha dåpen i kyrka. Ta kontakt med presten dersom dette er aktuelt for deg.

Om registrering av dåp:

1. Vi rår til at de døyper barnet i den kyrkjelyden der de bur. Her vil barnet i åra som kjem, få invitasjon til å ta del i dei lokale trusopplæringstilboda i kyrkjelyden.  

2. Ønskjer de å døypa barnet i ei kyrkje som ligg utanfor Bergen kommune, må de ta kontakt med servicekontoret til kyrkja i Bergen, Kirketorget, på tlf. 55 59 32 10.

3. Fadrane må vera medlemmar i Den norske kyrkja eller ei kyrkje som praktiserer barnedåp, og ha fylt 15 år.

I kyrkjene i Bergen er dåp dei aller fleste søndagar ein del av gudstenesta.

Nedanfor finn du påmeldingsskjema til dåp, meir informasjon om dåpshandlinga, praktiske førebuingar og det å vera fadder.

Har du praktiske spørsmål om dåp i kyrkja i Bergen, kontakt Kirketorget som organiserer det administrative i samband med dåp, tlf: 55 59 32 10.