Om bispedømmet

Stavanger bispedømme blei oppretta i 1125. Det har same grenser som Rogaland fylke. Anne Lise Ådnøy er biskop. Det er 89 sokn i bispedømmet, og eit kyrkjeleg fellesråd i kvar av dei 23 kommunane. Ved inngangen til 2024 var det 317 915 kyrkjemedlemmar i Stavanger bispedømme, 63,7 prosent av dei som bur i fylket.