Jobb med kyrkjebygg og kyrkjegard

Det er stor variasjon og mangfald i kyrkja. Dei som søker kyrkja sine tenester treng å bli møtt av tilsette med serviceinnstilling og kunnskap.

Stillingar innan kyrkjebygg og kyrkjegard

Det er eit mangfald av stillingstitlar for ein som har kyrkjebygget og eller kyrkjegarden som sitt ansvarsområde. Nokre utøvar arbeidet sitt frå eit kontor, andre har arbeidet sitt ved kyrkja og kyrkjegarden. Stillingstitlar kan vere kyrkjetenar, kyrkjegards- eller krematoriearbeidar, vaktmeister, reinhaldar, klokkar, driftsleiar, fagarbeidar, bygg- og anleggssjef, kyrkjebyggkonsulent med meir. 

Å ta vare på kyrkjene og kyrkjegardane både innvendig og utvendig, er ei sentral kyrkjeleg oppgåve for dei kyrkjelege fellesråda. Det handlar om alt frå vask og reinhald, vedlikehald både innvendig og utvendig, klipp og stell av kyrkjegarden, maling og anna vedlikehald. Mange kyrkjer er av stor kulturhistorisk verdi, og det krev kunnskap å ta vare på kyrkjebygg som sikrar kyrkja for framtidaNokre stadar er eigedomsmassen så stor og krevjande, at det er tilsett ingeniørar med spisskompetanse på kyrkjebygg, eller det er oppretta eigne konsulentstillingar med ansvar kun for kyrkjebygg og gravplass. 

Kyrkjetenarar og/eller klokkarar tek gjerne aktivt del i gjennomføring av dei kyrkjelege seremoniane med oppgåver både under gudsteneste, under bryllaup og under gravferdEi særleg viktig oppgåve under ein gravferd er å leggje til rette for ein verdig slutt på kyrkjegarden, med tilrettelegging, senking og pynting av grav.  

Kompetanse 
Det er rundt 2000 stillingar innan arbeid med kyrkjebygg, kyrkjegard og krematorium i Den norske kyrkja. Dei tilsette står i svært sentrale kyrkjelege oppgåver, då dei tek vare på kyrkjene både for menneske i dag og for dei som skal nytte kyrkjene i framtida.  

For å arbeide innan dette fagområdet er det viktig med kunnskap innan drift og vedlikehald av kyrkjebyggFor mange er det nyttig å ta kyrkjetenar-skulen, der ein lærar om reinhald og vedlikehald, elektriske og tekniske anlegg i store bygg, ENØK (energisparing), internkontroll, avfallsbehandling m.m. Fleire tilsette med ansvar for kyrkjegarden har fagutdanning, til dømes innan gartnarfag. 

Når ein arbeidar inne i kyrkja eller ute på kyrkjegarden kjem ein i kontakt med barn, unge og vaksne. Nokre stadar er kyrkja open store delar av dagen, og folk kjem innom for å tenne eit lys og/eller sitte i stillheit. Nokre ynskjer å besøke ei grav eller berre rusle rundt på kyrkjegarden. Kyrkja og kyrkjegarden er ofte sentralt plassert i sentrum av bygda/byen, og mange menneske har ei kjensle av å høyre til kyrkja si og kyrkjegarden sinDen som har kyrkja og gravplassen som sin daglege arbeidsplass, vil jamleg møte menneske i ulike livssituasjonar, det krev gode sosiale ferdigheiter.