Allsidig jobb å vere kyrkjelydspedagog

Noko av det beste med å jobbe med trusopplæring i kyrkja, er at ein får vere med på så mykje forskjellig, seier Berit Elise Gilje.

Berit Elise menighetspedagog kvadrat.jpg

For Berit Elise er det få dagar som er like som kyrkjelydspedagog i Hana kyrkje. Det er ikkje lett å vite sikkert kva ho gjer på jobb akkurat i dag.

Kanskje ho handlar inn til hobbyaktivitetar, førebur tårnagenthelg, planlegg program til helgetur, riggar bord og stolar – eller kanskje ho lagar mat i lag med born og ungdom. Det er også mogleg ho sit på kontoret for å gjere unna litt kontorarbeid; organiserer lister, sender ut invitasjonar eller lagar plakatar.

Varierte arbeidsoppgåver
- Dette er noko av det beste med å jobbe med trusopplæring i kyrkja; ein får vere med på så mykje forskjellig! Arbeidsoppgåvene er varierte og du får brukt mange sider av deg sjølv, seier Gilje.

I tillegg er Gilje takksam for å få bruke arbeidskvardagen til noko ho finn meiningsfullt: Å fortelje om Jesus.

- Eg hadde heilt sikkert likt ein annan jobb også, men det er noko heilt eige å jobbe med born og unge i ei kyrkje. Det gjer at jobben får ein ekstra dimensjon som eg kanskje ikkje ville fått i ein annan samanheng, seier Gilje.

Ville ikkje bli prest
Etter vidaregåande skule gjekk Gilje eit år på Bibelskulen i Grimstad. Der var det ein lærar som snakka varmt om presteyrket.
- Eg hadde ikkje lyst til å bli prest, men eg tenkte at eg kanskje kunne finne eit anna yrke i kyrkja. Etter Bibelskulen starta eg på bachelor i Ungdom, kultur og trusopplæring.

Det skulle vise seg å vere hennar veg inn i jobben som kyrkjelydspedagog.

- Eg har tidlegare jobba som avløysar og som servitør. Sjølv om begge deler var fine erfaringar, opplever eg jobben i kyrkja mykje friare. I tillegg er det ein jobb som du i stor grad kan forme sjølv. Er du veldig glad i musikk, kan du starte kor eller band. Du kan ta med interessene dine inn i jobben, seier Gilje. 

Berit Elise Gilje sine topp tre grunnar til å jobbe med trusopplæring:
- Det er veldig allsidig og med varierte arbeidsoppgåver.
- Du får bruke jobben til noko meiningsfullt: å fortelje om Jesus.
- Du har fleksibel arbeidstid. Du kan styre mykje av din eigen arbeidskvardag.

- Det aller kjekkaste med jobben er å treffe så mange menneske, jobbe variert og få formidle tru. - Berit Elise Gilje