Andakt, såmannssøndag 31.01.21

Sokneprest Anders Grytten deler her ei andakt for såmannssøndag med utgangspunkt i evangelieteksten etter Markus 4, 26-34.

Andakt, såmannssøndag 31.01.21

Vintrane i gamle dagar!
- av sokneprest Anders Grytten

Då eg var barn, var det snø og skiføre heile vinteren og sol og bading om somrane.

Slik hugsar eg det, men eit raskt søk i Meterologisk institutt sine databaser, vil avsløre at veret ikkje berre var slik då Oddvar Nordli var statsminister.

Hjernen vår redigerer minna våre. Men vår indre redaktør er er ikkje som ein nettavisredaktør. Det er det gode som får størst plass. Når vi mistar nokon vi er glad i, skjer det same. Dei fine minna legg seg naturleg på sjela si førsteside.

Vi er samansette menneske med både gode og mindre gode sider. Det er ei trøyst at dei rundt oss nok er skrudd saman slik at dei kjem til å minnast det gode meist!

Vi hugsar det gode! Eller som Paulus skriv: Alt skal forgå, men kjærleiken vert ståande!
Det viktige, det som har tyngde i eit liv, vert ståande.

Fleire filosofar i den kristne tradisjonen seier at det berre er det gode som har eigentleg eksistens. Det onde er  berre ei fordreing av det gode. Det kjem ikkje frå Gud, og vert ikkje ståande. Det gjer berre det som er av “ta onta” (sorry, det er så fint på latin) eller “dei virkelege ting”. Altså det gode som er av Gud.

For meg er dette ein motivasjon! Ikkje noko menneske er utan betydning, uansett kor små og hjelpelause vi kan kjenne oss i ei vanskeleg verd. Det gode - eit smil, rausheit, tilgjeving, hjelp, ein felles latter - fører til meir godt. Det er som ringar i vatn. Det gode sprer seg og byggjer opp!

Jesus så ikkje så mykje om Gud, men han fortalde likningar om “Guds rike”. Jesus spelar på profetiar i Det gamle testamentet om Fredsriket som skal kome. Der det ikkje er urettferd, splitting og vald. Men korleis kjem det?

Jesus sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.»

Tru på det gode. For berre det kan forandre verda!

Andakta stod på trykk i Sulaposten torsdag 28.01.21

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"