Konfirmasjon
KONFIRMASJON
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du mulighet til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.
KONFIRMASJONSTIDSPUNKT
Dette er likt kvart år;
Vigra har siste helga i april
Giske og Valderøy har første helga i mai (om 1. mai er søndag, er 30. april og 1. mai konfirmasjonshelga)
Godøy har andre helga i mai
UTLEIGE AV VALDERØY KYRKJEKJELLAR
Ønsker de å leige kyrkjekjellaren til konfirmasjonsselskap, må de sende inn søknad til kyrkjekontoret innan 15. juni året før konfirmasjonen. Etter dette blir det trekning mellom dei som har sendt inn ønsker, og de får beskjed om kven som får leige med ein gong dette er gjort .
KONFIRMASJON 2024:
Konfirmasjon:
Vigra : 27. april 2024
Giske : 4. mai 2024
Valderøy: 4. og 5. mai 2024
Godøy : 11. mai 2024
Påmelding til konfirmasjon
Påmelding skjer digitalt.
Trykk på lenka "Påmelding 2024", så kjem du til Mi kyrkjeside - der kan du logge deg inn og melde på konfirmanten.
Vi håper dei som vil konfirmere seg, er raske med å melde seg på. Etter påmelding vil det meste av informasjon kome som SMS eller gjennom Spond.
Leir
Det blir «Bo-Heime-Leir» dette konfirmasjonsåret.
Med håp om ei fin konfirmasjonstid!
Venleg helsing
Prest: Gunnhild Roaldsnes Bremer tlf: 46 32 03 24
e-post: gunnhild.bremer@giske.kommune.no
Sekretær: Inger Magelssen Godø tlf. 90 59 70 55