Tilbud til barn og unge

Foreldre og fadrar har ansvaret for å lære barna opp i den trua dei er døypt i. Dei aller viktigaste erfaringane med tru får barna heime. Kyrkja ønskjer å vere medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga. "Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. Trusopplæring for born og unge er viktig - ikkje minst for å kunne gje dei reiskapar i møte med trua og religiøs praksis. Innbyding blir sendt til dei som er døypte, men også andre barn kan vere med. Ta gjerne kontakt med Knut Arne viss du lurer på noko.

Tilbud til barn og unge

I Fjaler blir barn invitert på følgjande aktivitetar: 

Dåpsfasen
Gjennom dåpssamtale, dåpsperm, dåpsgudsteneste og babysong får kyrkja eit første møte med familiane. Babysong er eit tilbod i samarbeid med kulturskulen og helsestasjonen, med to familiesamlingar på Ljosheim der også søsken og familieelles kan vere med.

2-åringar
Samling på Ljosheim ein laurdag i januar - i året etter dei fyller 2 år. Besteforeldre er også hjarteleg velkomne til å vere med. Barna får utdelt Mi Kyrkjebok 2.

4-åringar
Samling i kyrkja/kapellet ein laurdag i november med gudsteneste og «orgelbrus» dagen etterpå. Barna får utdelt Mi Kyrkjebok 4 og tilhøyrande aktivitetshefte.

1. klasse
Dåpsskule to torsdagar i september etterfølgt av ei laurdagssamling i kyrkja og deltaking på hausttakkefest. Barna får utdelt CD innspelt av Dale barnekor, Mi Kyrkjebok 6 og tilhøyrande aktivitetshefte.

3. klasse
Påskevandring i kyrkja/kapellet på laurdag og barnas påskegudsteneste på søndag. Barna får utdelt i bok om påske.

4. klasse
GT-agentar (gudsteneste-agentar) - barna oppdagar og utforskar gudstenesteliturgien. Ei samling og ei gudsteneste i mars.

5. klasse
«Minikonfirmantane» lærar om Bibelen - Den store forteljinga.
2 samlingar på vekedagar og ei gudsteneste i januar eller februar. Barna får utdelt Teikeseriebibelen.

Tiltaka for 3.-5. klasse går kvart år for dei som soknar til Dale kyrkje (Dingemoen og Flekke skular), men for Våge skulekrins slår vi saman tiltaka slik at alle som går i 3. - 5. klasse kvart år får invitasjon til enten påskevandring, GT-agentar eller Den store forteljinga.

8. klasse
Middag og misjon
Eit opplegg om misjon i samarbeid med NMS. Det er fokus på kyrkjelydens misjonsprosjekt som er Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Midtausten. Vi serverer ein god middag.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"