Velkomen til dåp

Når eit barn blir bore til dåpen, blir vi minna om at ingen kan bære seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekker seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ein markering der barnet har alle sine viktigaste støttespellare rundt seg, og der Gud lover å følge barnet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneskjer han møtte til å være saman med ham og følgje ham. Dei som følgde Jesus fikk i oppdrag å gi dåpen vidare til menneskjer over heile verda og å undervise om Guds gode vilje med menneskjenes liv.

I bibelteksten ein les i dåpsliturgien, sei Jesus: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matteusevangeliet kapittel 28, vers 18-20).

Kan ikkje laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.