Tilskot

Møre bispedøme forvaltar 3 ulike tilskotsordningar:

1) Tilskot gjennom vekstmidlar
2) Tilskot til trusopplæring
3) Tilskot til diakon- og kateketstillingar og til domkyrkja

 

NB! Endringar i tilskotsutbetalingar frå vekstmiddelordninga 2024

Vekstmidlane er ei tilskotsordning finansiert av bispedømet sine interne avsetningar, hovudsakeleg finansiert av unytta tilskotsmidlar til undervisning, diakoni og trusopplæring.

Ekstraordinære utgifter, mellom anna knytt til pensjons- og lønskostnadar, gjer at Den norske kyrkja og Møre bispedømeråd lyt gjere budsjettmessige endringar for 2024.

Dette får også konskvensar for vekstmiddelordninga i Møre bispedøme. Til ein får oversikt over den økonomiske situasjonen, blir alle utbetalingar satt på vent. Ei endeleg avklaring er venta i løpet av mai 2024.

Innsendte søknadar vil først bli behandla når ein veit om det er tilgjengelege midlar til tilskotsutbetalingar. Vi seier oss leie for dette.

 

 


 

Tilskotsforvaltninga er endra og Møre bispedøme innfører nye rutinar for dei tre tilskotsordningane. Nettsida kyrkja.no/more er sentral informasjonskjelde og ressurssenter.

Her finn du følgande lagt ut for kvar tilskotsordning:

a) Standard tildelingsbrev for tilskotsordninga
b) Mal for rapportering for tilskotsordninga
c) Oversikt over tildelinga hittil.

Tildelinga hittil er lagt inn i oversiktsskjema, samstundes som fellesrådet/søkjar blir varsla om tildelinga. Vi trur at dette gjer det lettare å manøvrere på heimesida, og at det blir lettare å finne fram og hente ut malar og informasjon.


For tilskotsordning 1) og 2), er det ein føresetnad for å få utbetalt tilskot at ein har sendt rekneskapsrapport for tidlegare tildeling. Når rekneskapsrapport er sendt inn blir nytt tilskot blir utrekna. Utbetaling av tilskot skjer ein gong kvart år, fortløpande frå mars. Frist for innsending av rekneskapsrapport er 15. mai.

 

For tilskotsordning 3) lyt ein fremje søknad. Mal for søknad er lagt inn på sida. Frist for å sende inn rapport er innan januar neste år.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"