Tildeling frå OVF og skjema for rapportering

På denne sida finn du oversyn over tilskot frå «Opplysningsvesenets fond (OVF)» i Bjørgvin bispedøme 2022. For årets mottakarar, sjå lenkje nedst i artikkelen. Bjørgvin bispedømeråd utbetalar samla kr 875.000,- i midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF).

Bjørgvin bispedømeråd behandla i sitt møte 23. februar 2022 fordelinga av tilskot frå avkastninga til «Opplysningsvesenets fond (OVF)» for 2022. Bjørgvin bispedøme har for 2022 til fordeling totalt kr. 875.000,- i OVF-tilskot. Desse tilskota har som mål å bidra til å leggje til rette for gode utviklingsprosjekt i kyrkjelydane.

I denne summen er det sett av 150.000 kroner i støtte til misjonsrådgjevarstillinga i bispedømet, 11 av prosjekta gjeld arbeid blant born og unge, 14 diakoni, åtte kyrkjemusikk og kultur og fem gjeld gudstenesteliv.

Kunngjeringa vart gjort kjend på bispedømet si heimeside 12. november 2021 og i nyhendebrevet «Nytt frå Bjørgvin» 15 november.

Frist for søknad var 1. desember 2021. Det kom inn 50 søknadar om tilskot. Samla totale søknadssum var kr. 2.530.220,-

Søk kvart år for prosjekt som går over meir enn eitt år
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen og at ein sender ny søknad kvart år.


Rapportering

Midlane skal nyttast slik det kjem fram av søknaden og det er krav om rapportering på korleis midlane vert nytta. Rapporteringsfrist for tilskot 2022 er 31. januar 2023. Fyll ut elektronisk skjema her. Lenke til elektronisk skjema, evt. skjema i word, finn du også nedst på sida. 

Om prosjektet ikkje blir gjennomførd slik det står i søknaden, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.

Avslag på søknad

Bispedømerådet takkar for interessa frå dei som ikkje fekk søknaden innvilga denne gongen. Det er også mogeleg å søke støtte andre stader, sjå lenke nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"