Nominasjonskomiteen er valt av representantar frå sokneråda, med ein medlem frå kvart prosti. Lista er utarbeidd på bakgrunn av forslag frå sokneråd, ungdomsrådet i bispedømet og forslag frå medlemene i nominasjonskomitéen. Komitéen har lagt vekt på at begge kjønn skal vere representerte med minst 40 prosent og at lista skal innehalde minst 20 prosent kandidatar under 30 år. Det er vidare lagt vekt på å at ein skal representera ei breidde i kandidatane sine syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål. – Valet på medlemer til bispedømerådet og Kyrkjemøtet er eit personval, ikkje eit val mellom ulike parti. Eg er viss på veljarane med denne lista kan velja mellom mange gode kandidatar, seier leiar for valrådet i Bjørgvin, Håkon S. Giil.
Supplerande kandidatar
Fram til og med 4. juni, vil det vera mogeleg å få inn supplerande kandidatar til nominasjonskomitéen si liste. Kravet er her at minst 75 røysteføre medlemer frå minst tre ulike sokn i same prosti, der maks. 50 prosent av kan vere frå eitt og same sokn, stiller som underskrivarar. Dette må skje seinast ein månad etter at høvet til supplerande nominasjon er kunngjort. (Sjå link til regelverk og skjema nedst på sida).
Direkte og indirekte val
Fire av dei leke medlemene blir valde direkte av alle kyrkjemedlemer i Bjørgvin som fyller 15 år seinast i 2015. Dette valet går føre seg 14. september, same dag som soknerådsvalet, kommune- og fylkestingsvalet. Dei tre resterande leke kandidatane skal veljast av soknerådsmedlemene i november.
Leke representantar – nominasjonskomitèen si liste med 17 navn i prioritert rekkefølge. Sjå samla presentasjon av dei leke kandidatane her.
1. Nordeide, Inger Helene Thingvold - Førde sokn, f.1961
2. Baartvedt, Nora - Voss f.1994
3. Kirkebø, Karl Johan - Bønes f.1950
4. Skeidsvoll, Andreas - Osterøy f.1992
5. Dale, Berit Nøst - Meland f.1952
6. Økland, Marius - Bremnes f.1986
7. Ågotnes, Liv - Fjell f.1967
8. Lindøe, Ida - Ålvik f.1967
9. Øiestad, Vemund - Stryn f.1948
10. Hilleren, Per - Stedje f.1959
11. Økland, Inge Wilhelm - Sandviken f.1988
12. Kalvenes, Hildegunn - Austevoll f. 1947
13. Sølsnæs, Bjørn Sandvik - Leikanger f.1995
14. Mæland, Kjellfrid Torunn - Stord f.1951
15. Helgesen, Gunn Ragnhild Vårdal - Selje f.1956
16. Aadland, Kjell Jarle - Os f.1949
17. Bildøy, Jostein - Førde i Sunnfjord f.1966
Evt. supplerande kandidatar vil koma i tillegg til desse 17 kandidatane. Alle framlegg som oppfyller dei formelle krava, vil få plass på lista.
Eigne lister for lek tilsette og prestar
Prestar og lek kyrkjeleg tilsette har eigne lister for kvar sin kandidat til bispedømerådet. Eventuelt supplerande kandidatar til desse listene blir kunngjort etter at listene er godkjende av valrådet i Bjørgvin 8. mai.