Velkomne til dåp!

Kan ikkje laste video uten samtykke for bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Vil du la barnet ditt bli døypt? Eller vil du bli døypt sjølv?

Når eit barn vert bore til dåpen vert me minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom dåpen vert me ein del av ein fellesskap som strekkjer seg over heile verda - og gjennom alle tider.

I dåpen blir me møtte av Guds kjærleik. Den er eit berekraftig teikn som gjev oss del i Guds frelse, og ei gåve som det berre er å ta imot, uansett når i livet me døypas.

Barn, unge og vaksne er like velkomne til dåp. Den som vert døypt, blir medlem i Den norske kyrkja. Alle som ønskjer dåp, er velkomne til å ta kontakt for meir informasjon. Ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56.52.68.00, eller send e-post til kyrkjeverje@ulvik.kyrkja.no, eller fyll ut skjemaet "Dåpsmelding" (trykk på "Dåpsmelding" oppe til venstre).

I gudsteneste kalenderen kan du sjå når me kan utføra dåp.

 

 

 

Kontakt