Barnesamling i Spegelen

Praktisk informasjon

Fra:2023-03-19 11:00

Til:2023-03-19 12:00

Sted:Tunet i Spegelen

Arrangør:Os sokn

Sprell Levande søndagsskule
Barnesamlinger ved gudstenester i Os kyrkje

Alle born har rett til å høyre om Jesus!

Os kyrkjelyd ønskjer å fortelje om Jesus til borna. Vi har barnesamling/søndagsskule om lag kvar søndag, anten i Os kyrkje, eller i Nore neset kyrkje.

Barnesamlingane er ein trygg og god stad for borna og vera under gudstenesta. Her får dei leike, tenne lys og høyre om Jesus på sine premissar. Her får dei høyre og oppleve at dei er verdifulle, og skapte i Guds bilde.

Vi syng nokre barnesongar før søndagsskuleleiraren inviterer eit av borna fram for å sjå kva som er i skattekista. Her vert det avslørt (kanskje) kva borna skal få høyre og oppleve under samlinga.

Barnesamlingane er felleskap, bibelforteljingar og oppdrag - for alle sansar.

Er bornet blitt Tweens (9-12år)? For stor til søndagskule??
Då er det eit ege opplegg som heiter Aldri Alene og er utvikla i eit samarbeid mellom Acta, Søndsagsskolen Norge, NLM Ung, Blå Kors og NLA Høyskolen. Desse samlingane er lagt tilsøndags ettermiddag/kveld. Vi oppmodar alle i denne alderen til å komme å vere med på eit kult opplegg med animasjonsfilmar, quiz, samtalar, emojis, songar og mykje meir.

Vel møtt!

Mønster med grønne capser
Barn og unge illustrasjon
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.