Påskehilsen fra biskop Jan Otto Myrseth

Les "Du er aldri åleine", en hilsen fra biskopen i Tunsberg.

Påskehilsen fra biskop Jan Otto Myrseth

Du er aldri åleine

Mellom dei fyrste som fekk møte Jesus etter oppstoda var to menn på vandring bort frå Jerusalem i retning småbyen Emmaus. Vi veit nesten ingenting om dei, bortsett frå at ein av dei heitte Kleopas. Dei var så nedtynga av det som hadde hendt dei siste dagane at dei ikke kjende Jesus att då han slo fylgje med dei. Truleg hadde dei stått på avstand og sett Jesus døy på krossen, og vi kan berre ane korleis sorga blinda dei. Det tok tid å elte dei veldige inntrykka. Kanskje var dei på veg til heimbyen sin, og på vegen gjekk dei og tala saman om dei forvirrande rykta om at Jesus skulle ha vist seg for nokre kvinner dei kjende.

Midt i denne forvirringa gjer dei noko veldig lurt. Dei vandrar og dei samtalar. Den som vandrar kjem alltid vidare. Somme gonger er det på ein landeveg, andre gonger over ein open bibel eller i samtale med menneske vi har tillit til. Det er ikkje sikkert at ein frå starten av kjenner att Jesus. Mange har opplevd at det tek litt tid før ein får opp augo for kven han er. Men når ein ser seg tilbake, oppdagar ein ofte spor av at han var der også då alt såg mørkt og håplaust ut.

Då Jesus plutseleg dukka opp lys levande og møtte læresveinane bak stengde dører, trudde dei at han kom til dei utanfrå, for så å forlate dei igjen. Sanninga er at han var der hos dei heile tida. Dei såg det berre ikkje. Men nokre få gongar var det som om han tente lyset for at dei skulle sjå han på same måten som før. Så vart lyset sløkt igjen, men samvêret heldt fram – ikkje i mørket, men i lyset av trua.

Dei to Emmaus-vandrarane insisterte på at Jesus skulle vere hos dei når det leid mot kveld. Og når dei sat til bords og han braut brødet og ga dei, vart augo deira opna så dei kjende han att. Kor mange menneske som har kjent Jesus att for fyrste gong når dei tok imot brødet og vinen i nattverden, veit berre Gud.

Du kan nok somme gonger kjenne deg einsam og forlaten, men sanninga er frigjerande; om du ser han eller ikkje, er Jesus Kristus med deg alle dagar så lenge verda står.

 

Biskop Jan Otto Myrseth

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"