Bispeskifte i Bjørgvin

Biskop Halvor Nordhaug gjekk av med pensjon i desember 2022, og prosessen med å finne ein ny biskop har starta. Den 2. september kunngjorde bispedømerådet ei liste på 96 namneforslag dei har fått på mogelege kandidatar til ny biskop i Bjørgvin. Tidslinja for bispeskiftet finn du nedanfor.

Biskop Halvor Nordhaug har vore biskop i Bjørgvin sidan 2009. No kan du vera med og foreslå kven som bør ta over etter han.

Kva eigenskapar bør ein biskop ha, kven bør bli biskop? Det var spørsmåla bispedømerådet gjekk ope ut med.  Her kan du lesa forslag på aktuelle kandidatar som har kome inn etter denne runden. 

Forslaga som kom inn, tok bispedømerådet med seg i det vidare arbeidet. Dei nominerte fem kandidatar (blant dei som var foreslått eller andre aktuelle prestar), og i tillegg vart ein kandidat fremja gjennom supplerande nominasjon. Innan 5. januar 2023, skal det røystast over kandidatar før Kyrkjerådet til slutt tilset ny biskop i Bjørgvin. Det er Kyrkjerådet som har ansvar for å gjennomføra røysteprosessen, og for sokneråda må utskrift av møtebok vere Kyrkjerådet i hende seinast torsdag 5. januar kl 23.59. Røystene kan sendast anten per post (med risiko for å ikkje nå fram i tide)  eller pr e-post (post.kirkeradet@kirken.no). Same frist gjeld for vigsla medarbeidarar som også har røysterett.

tidsplan ny biskop 2023.jpg

Avskjedsgudstenesta for biskop Halvor vart halden i Bergen domkyrkje søndag 20. november 2022 kl. 11.00. Sjå lenke til omtale av gudstenesta nedst på sida. 

Planlagd dato for innsetting/vigsling av ny biskop i Bjørgvin er 16. april 2023. H.M. Kongen har stadfesta at han kjem til å vera til stades. 

Alle soknerådsleiarar i Bjørgvin vil få invitasjon til mottaking i Håkonshallen etter gudstenesta.

Prosess for å tilsette ny biskop

Bjørgvin bispedømeråd hadde frist til 18. november 2022 med å nominere fem kandidatar til stillinga som biskop. Kyrkjerådet kunngjdeorde deretter høvet til supplerande nominasjon som var ope fram til 2. desember 2022. Alle kandidatar vart presenterte 6. desember, og frist for rådgivande avstemming er sett til 5. januar 2023. Dei som har stemmerett er alle sokneråd, Ungdomsrådet, prestar, vigsla kateketar, diakonar og kantorar i ordna kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedøme. I tillegg har òg andre utanfor Bjørgvin bispedøme stemmerett i den rådgivande avstemminga: prostane i resten av bispedøma, representantar frå dei teologiske utdanningsinstitusjonane med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet og leiarane av dei praktisk-teologiske utdanningane ved desse institusjonane, i tillegg til representantar frå Ungdommens kyrkjemøte med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet.

Eit brev som er sendt til sokneråd, fellesråd, Ungdomsrådet og dei tilsette i Den norske kyrkja, kan du lesa her eller ved å klikka i ein av boksane nedst på denne sida.  

Regelverk for utnemning av ny biskop og nærare skildringar av til dømes rolla til biskopen og formelle kvalifikasjonskrav for å kunne bli biskop, finn du også nedst på sida.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"