St.Tomaskyrkja

I meir enn 1000 år har ein av dei viktigaste ferdselsvegane mellom aust- og vestlandet gått over Filefjell. Like etter at kristendommen kom til Norge, vart det reist ei lita stavkyrkje i Smeddalen på Filefjell, attmed denne ferdselsvegen.

St.Tomaskyrkja

I dette dalføret var det kanskje fast busetting i riktig gamal tid. Det er funne restar av gravhaugar og jernvinner her, og som namnet fortel skulle dei som budde her vore smedar.

Ein veit lite om bruken av stavkyrkja før reformasjonen, men tidleg på 1600-talet vart ho sett i stand, og teken i bruk att til gudstenester. Syftesok, 2. juli, vart fast messedag i St.Tomaskyrkja. Stavkyrkja fekk no ry for å vere ei lovkyrkje med undergjerande kraft, og ho vart etter kvart landskjend for dette. På syftesokdagen strøymde folk til frå fjern og nær. Sjuke kom for å få legedom og syndarar for å gjere bot, men dei fleste kom nok for å vere saman på det store stemnet. Her var det kjøp, sal, dans, drikk og slagsmål. Og følgjande «gjetord» gjekk om dette stemnet: «Her vart mang ein god hest sprengd, mang ein sprek kar dengd og mang ei ven møy krenkt!»

Kyrkja sine folk såg ikkje med blide auge på dette. Fleire kravde at stavkyrkja måtte rivast, og i 1808 vart ho riven og seld på auksjon.

Men den folkekjære stavkyrkja på Filefjell vart aldri gløymd. Mange arbeidde for å få reist ei ny St. Tomaskyrkje og i juli 1971 sto endeleg den nye kyrkja ferdig. Ein kunne på ny høyre Tomasklokkeklangen på Kyrkjestølen.

Kyrkja har gudstenester i påska og om sommaren, og ho er open på dagtid i juli.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vang kyrkjelege fellesråd

Vang kyrkjeleg fellesråd
Kontor på Klukkarhaugen: Ope måndag - fredag kl 09:00 - 15:00. 

Prestekontoret i Drengestøga: ta kontakt med soknepresten for avtale. 

Adresse kyrkjekontoret:

Tyinvegen 5175, 2975 VANG I VALDRES

Besøksadresse Klokkarhaugen:

Tyinvegen 5175

Adresse Drengestøga:

Tyinvegen 5130, 2975 VANG I VALDRES

Epost: post.vangivaldres@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"