Jf lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (Gravferdslova) § 21. Endra av Bremanger kyrkjelege fellesråd 19.06.2019. Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 11.11.2019.
Gjeldande frå 05.06.2020
§ 1
FORVALTNING
Gravplassane
i Bremanger kommune er underlagt Bremanger kyrkjelege fellesråd sitt
administrasjons- og forvaltningsområde.
§ 2
DEFINISJONAR
Gravplassforvaltning: Bremanger kyrkjelege
fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret for gravplassane i Bremanger
kommune, jf gravferdslova (GL) med forskrifter.
Fri grav: Grav som
gravplassforvaltninga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det
ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som blir festa mot
betaling av festeavgift.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er
festa saman.
Kistegrav: Grav som stettar
forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister, jf. Gravferdsforskrifta
(GF) § 13. I ei kistegrav kan det også settast ned urner.
Urnegrav: Grav til askeurne, jf. GF
§ 14. På gravplassane i Bremanger er der per dato ikkje særskilte urnegraver,
men urner vert sett ned i kistegraver.
Fredningstid: Tidsrom frå siste
gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida som er avtalt til å
feste ei grav.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for
ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein
festeavtale, jf. GL §§ 14 og 15.
§ 3 FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande
skal om mogleg ferdast gåande, jf. GF § 9. Gravplassforvaltninga kan etter
søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/rørslehemming. All køyring
skal skje særleg omsynsfullt.
§ 4 TILHØYRING TIL GRAVPLASSANE
Avdøde
personar i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen i kommunen ein ønskjer.
Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde
personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune
mot slutten av livet, blir rekna på same vis som kommunen sine eigne
innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde
personar frå andre kommunar kan bli gravlagt på gravplassane mot at kostnadane
ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5
FREDNINGSTID
Fredningstid for kistegraver er 30 år. For kistegraver som vert brukt
til urner er fredningstid 20 år. Gravplassforvaltninga kan vedta lengre
fredningstid for einskilde graver.
§ 6 FESTE AV
GRAV
Når
ei kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sidan av,
og etter søknad til gravplassforvaltninga om ei ekstra grav i tillegg i
særskilte høve. Desse gravene utgjer då ein gravstad i festeperioden.
Ved
feste av grav ved sida av den kistegrava som blir teken i bruk er festetida 30
år i første periode.
Når
festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye 10 år. Når det er gått 60 år
etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg
samtykkje frå gravplassforvaltninga.
I
god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla så framt denne er kjent
for gravplassforvaltninga. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader
etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen, jf. GL §
18.
Innbetalt
festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av
bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
Festa
grav kan ikkje nyttast utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å
hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav,
kan gravplassforvaltninga ta avgjersle om bruk av grava.
Festar
pliktar å melde adresseendring. Overføring av feste skjer i samsvar med GL § 16.
§ 7 GRAV OG GRAVMINNE
Ved
gravferder er det tillate å gå over eller stå på omkringliggjande graver i det
omfang som er naudsynt. Ved opning av grav kan jord bli lagt på tilstøytande graver
og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassforvaltninga sørgjer for
istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd etter
gravlegging.
Montering
av gravminne kan først skje etter at gravplassforvaltninga har godkjent
gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp
tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på grav med urne
kan settast opp med ein gong etter urnenedsetting.
På
nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast sentrert i bakkant av den grava som
er tatt i bruk, og blir sentrert på gravstaden etter neste gravlegging.
§ 8 PLANTEFELT
Framfor
gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken
omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle
tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm,
målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig
gravminnet si høgd eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å
bruke dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv i plantefeltet som fast
utsmykking. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge
dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelampar og
andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det
er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant
eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
Vedlikehaldsarbeidarar har ikkje ansvar for skade på innrammingar som er over
terrenget. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke
på alle sider av gravminnet.
Det
er ikkje høve til å ramme inn grav eller gravstad med hekk eller dødt
materiale.
§ 9 PLANTEMATERIALE
Plantar,
kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av
grav og som endar som avfall, skal vere fullt ut komposterbare.
§ 10 STELL AV GRAV
Kvar
ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og
plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvar for. Plantefelt som ikkje
blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til
av gravplassforvaltninga.
Gravminnet
er gravansvarleg eller festar sin eigedom og sitt ansvar. Ansvarleg for grav
eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
Ansvarleg
for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjeleg fellesråd og den som får
løyve til det etter § 12 (sjå under), kan utføre planting og stell av grav. Ei
slik avtale fritek ikkje ansvaleg eller festar frå
det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.
§ 11 BÅREROM
Bårerom
blir disponert av kyrkjeleg fellesråd. Ingen har tilgang utan løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som
sørger for gravferda (jf. GL § 9), og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 12 NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande
som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå
gravplassforvaltninga. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje
rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik
verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver. Avfall ut over
blomsteravfall må fjernast av den som driv slik verksemd.
§ 13 ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs-
og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida og må ikkje utførast
på søndagar, helgedagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på
gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på
gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på
gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring
skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 14 DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassforvaltninga
kan i særlege høve og innanfor ramma av gravferdslova og gjeldande forskrifter
gjere vedtak om unntak frå paragrafar i desse vedtektene. I denne omgang vil
det gjelde for § 13, med omsyn til arbeidstida, men ikkje lenger enn til kl.
20.00.