lørdag 25. mai. 2013         
   
 

AKTUELT

Brosjyre for pilegrimsvandring Hovden Røldal 2013 
Pilegrimsvandring Hovden Røldal

Pilegrimsvandring Vest-Telemark - Røldal 2013


Ressursside for bønn

 

Strategiprosjyre

tmb_glede

 











 


SMM er eit nettverk som skal fremje samarbeidet mellom kyrkja og seks misjonsorganisasjonar – Det Norske Misjonsselskap, Normisjon, Misjonsalliansen, Israelsmisjonen, Tibetmisjonen og Areopagos. Nettverket arbeider for at kyrkjelydane i bispedømet skal styrkje fokuset sitt på misjon både lokalt og globalt. Ein måte å gjere dette på, er å rette merksemda mot misjon i dei kristne ungdomsmiljøa i bispedømet. SMM arbeider for tida med å lage eit opplegg som kan nyttast i ungdomsklubbar, -kor, -kafear osb. Opplegget skal fortelje om kva misjon i dag er for noko, og om korleis misjon drivast globalt. Me vonar at opplegget skal bli så kommuniserande og inspirerande at det også kan verke som ein motivator for internasjonal teneste blant unge. Misjonsorganisasjonane treng stadig fleire medhjelparar – for kortare og lengre periodar. Me er i gong med å lage ei brosjyre om organisasjonanes tilbod for ungdom på dette området. 

Ei anna storsatsing er eit  utvekslingsprosjekt for ungdom som me vonar skal gjennomførast i løpet av 2007. Ungdomsrådet i bispedømet meiner at utveksling er ein god måte å få ungdom misjonsengasjerte på. Dette har SMM tatt konsekvensane av! Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Misjonsalliansen laga mot slutten av 2005 kvar si skisse til ei ungdomsreise til eit misjonsprosjekt. Det valte ungdomsrådet i bispedømet fekk sjå skissene på møtet sitt første helga i januar. Tilboda som ”konkurrerte” var ein tur til India med Normisjon, til Kamerun med NMS og til Ecuador med Misjonsalliansen. 

Me vonar at reisa skal gå av stabelen vinteren 2007. Prosjektet skal følgjast opp i for- og etterkant av sjølve reisa slik at ungdommane får eit så godt utbytte av reisa som mogleg. Når programmet er klart, vil det gå ut ein reiseinvitasjon til alle ungdom i heile bispedømet.


- Silje Espeland Johannessen





Agder og Telemark bispedømmekontor
Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S
Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,

Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no
Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag

Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR
Bankkontonr.: 7694 05 00717
Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.


Aktiviteter i mai 2013:
ma ti on to fr
      1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31      
Velg aktivitet i:
Abonnér
Motta e-post med våre nyheter & aktiviteter.



Søk i nettstedet:









 


    This site is powered by i-tools