onsdag 19. jun. 2013         
   
 

AKTUELT

Brosjyre for pilegrimsvandring Hovden Røldal 2013 
Pilegrimsvandring Hovden Røldal

Pilegrimsvandring Vest-Telemark - Røldal 2013


Ressursside for bønn

 

Strategiprosjyre

tmb_glede

 











 


DEN NORSKE KYRKJA

Agder og Telemark biskop

 

 

 

 

 

 

 

 

Visitasforedrag etter bispevisitasen i Åmli 23.-27. nov. 2005

 

 

Det er med glede og takksemd eg ser tilbake på ein interessant og god visitas i Åmli – heile 14 år etter den førre i 1991.  Vi har drøfta viktige saker for kyrkjelyd og kommune desse dagane.  Takk for opne dører, fin mottaking og ærlege samtalar.  I tillegg til kyrkjelydsarbeidet, fekk visitasen god kontakt med skule, kommuneleiing og næringsliv.

 

Det er eit svært godt samhald i staben.  Sokneråda har arbeidd målmedvite, og dei nye råda ser ut til å fylgje i same sporet.  Og kyrkjeverje og fellesråd tar ansvar på sine felt og held god kontakt med kommunen.

 

Det ligg ein optimisme i bygdene her no – og den vil kyrkja stø opp under.  Prosjektet ”Snu Åmli” kallar på brei mobilisering av alle gode krefter.

 

Visitasen var godt førebudd gjennom visitasmeldinga frå sokneprest og kyrkjeverje.  Frå biskopen si side deltok i visitasen avdelingsleiar Audun Myhre og fung. prost Bent Inge Misje, som også gjorde kontorvisitasen.  Stiftsrådgjevar Nina Saugstad har sett til kyrkjene og kyrkjegardane.

 

Programmet femna vidt, og arrangementa kom tett:  Fyrst ei lunsjsamling med sentrale aktørar i visitasen, så driftsbesøk på MultiCom og på garden Epletveit.  Dernest samling i Gjøvdal med soknerådet rundt veldekka bord og ein flott kulturkveld i Gjøvdal kyrkje, der organisten hadde sett saman programmet.  Så har eg halde samtalar med dei tilsette, vitja Åmli Vgs. og Oasen og Åmlihallen.  Deretter møte med Åmli skule og lærarane, andakt på pleie- og omsorgssenteret,  og så til Dølemoklubben og prestegarden og bedehuset, der det var møte med dei ulike lag, organisasjonar og kyrkjesamfunn.  Møtet med kommunen, med ordførar, rådmann og formannskap, var viktig og nyttig, likeeins samlinga med fellesrådet.  Så flytte visitasen seg til Tovdal, med bedriftsbesøk hos Børuf Ramse og Gunnar Hillestad.  Åmli sokneråd inviterte til middag på Hillestadgalleriet, og så slutta fredagskvelden med aftansong i vakre Tovdal kyrkje og eit møte med soknerådet i Åmli.

 

Når det gjeld dei ytre tilhøva for kyrkjearbeidet i Åmli, så er kyrkjehusa vakre bygg som bygdene med rette er stolte av.  M.a. vart Gjøvdal kyrkje fint renovera til 200-årsjubileet i 2003.  Og snart står neste kyrkjejubileum for døra: Åmli kyrkje er 100 år i 2009.  Kyrkjegardane har areal for lang tid framover.

 

 

 

Som nemnt arbeider staben sers godt, men stillingsressursane er knappe.  Ei kyrkjeverje i 70% stilling er heilt klårt i minste laget.  Men det er altså ei glede å konstatere at staben – med prestetenesta i spissen – fungerer så godt. 

 

Møtet med kommuneleiinga var udelt positiv.  Det er eit godt tilhøve mellom kyrkje og kommune i Åmli, noko som m.a. syner seg ved at kyrkja har eit eige punkt i kommuneplanen.  Eg har notera at kommunen heretter vil invitera fellesrådet til faste møter med formannskapet for å drøfte felles saker.  Og den invitten bør fellesrådet take imot med opne armar!  Etter kyrkjelova av 1996 har både lokalkyrkja og kommunen måtte tilpassa seg nye rammer – finne ny sjølvforståing, for å seie det slik.  Men no kan ein kome saman på eit nytt grunnlag i respekt for dei ulike rollene fellesråd og kommune har etter kyrkjelova.

 

Under visitasen vart det også positive møter med skulane og lærarane.  Dette gjeld både den vidaregåande skulen og grunnskulen.  Åmli Vgs. gav eit godt inntrykk, både rektor Knudsens leiing og elevmiljøet.  Eg vonar at Vgs. kan oppnå ei stabil drift, så leiing og elevar kan planlegge drifta på sikt.  At Åmli Vgs. fungerer, er sers viktig både for elevane og for heile Åmli-samfunnet.

 

Tilhøvet mellom grunnskulen og kyrkja er også ope og godt.  Endringa i religionsfaget dei siste åra har ført til at relasjonen kyrkje/skule måtte tenkjast gjennom på nytt.  Visitasmeldinga frå sokneprest og kyrkjeverje seier at det er utviklingspotensial i tilhøvet til skulen.  Så eg vil gje det rådet at skulen og lokalkyrkja formaliserer innhaldsmomenta i samarbeidet gjennom ein konkret plan.  Det ville t.d. vore fint om den gamle tradisjonen med biblar til 5. klassene kunne takast opp at – i gjensidig forståing med skule og heim.

 

Arbeidet i kyrkjelydane er det mest sentrale tema i ein bispevisitas.  Stab og råd er på offensiven – og arbeider i god kontakt med ulike lag og foreiningar.  Tilhøvet til dei andre kyrkjesamfunna i lokalsamfunnet, er også ope og fortroleg, med nokre felles møtepunkt og arbeidsformer.

 

Det er gudstenesteutvikling og trusopplæring som også i Åmli vert dei sentrale oppgåvene frametter.  Og her vil bispedømmeadministrasjonen gjerne hjelpe til i utviklingsarbeidet.  Så bruk staben ved bispedømmekontoret!

 

I trusopplæringa er konfirmantarbeidet heilt sentralt, og dette fungerer godt i Åmli, med god tilslutnad frå ungdomskulla.  Sers gledeleg er det vidare at arbeidet blant borna melder om positiv utvikling.  Vitjinga i Dølemoklubben var flott.  I denne klubben, som i bygda i det heile, er det eit sjeldan godt samhald.  Og i klubben er det ei fin blanding av forkynning og aktivitetar.

 

Arbeidet i sundagsskulen i Åmli er også inne i ein god periode.  Eg voner at alt dette positive arbeidet blant borna kan førast vidare, med tilbod som passar dei ulike aldersstega.

 

Her ville det vore fint om skulelaget kunne kome styrka tilbake og verte ein livskraftig og samlande arena for ungdomsskuleelevane.  Det er dessutan vel verdt å tenkje på om det er mogleg å få til eit samarbeid mellom ulike tiltak på ungdomssektoren.  Kva med ein dialog med Oasen og kommunens ungdomsleiar om dette?

 

 

 

 

 

Elles driv speidarane godt for tida, og dette er eit arbeid som også kyrkje veit å verdsette.  4H sin aktive medverknad i Gjøvdal må og nemnast.  Og ikkje minst kulturskulen i Åmli, som også kyrkja kjenner som ein sers viktig ressurs.

 

Misjonen høyrer med i eit sant og sunt kyrkjelydsarbeid.  Det er verdfullt at misjonslaga held verksemda si i gang.  Dei friviljuge organisasjonane har bore misjonsarven i vår kyrkje gjennom mange generasjonar.  I tillegg bør nok dei nye sokneråda i komande periode drøfte om ikkje tida er inne til å lage eit samarbeidsprosjekt kyrkje/misjon innafor SMM-systemet.  Eg vil her berre nemne at vårt bispedømme i år har laga ein venskapsavtale med den lutherske kyrkja i Kamerun.  Kan hende eit Kamerun-prosjekt hadde vore ei sak å take opp?

 

Det kyrkjemusikalske arbeidet er viktig både for å utvikle gudstenesta og for å bygge bruer over til andre sider av kulturlivet i bygdene.

 

Det er ein god idé, slik dere gjør i Åmli, at dei ulike medlemmene av sokneråda får tildelt sitt særlege arbeidsfelt – ut frå personlege gåver og interesse.  Eit viktig arbeidsfelt slik er diakonien, omsorgsarbeidet i kyrkja.  Sidan Åmli er ein del av eit felles prosjekt i Aust-Nedenes prosti, vil eg slå frampå med tanken om å etablere ei stilling som prostidiakon for dette prostiet.  Ein prostidiakon driv sjølv diakonalt arbeid, men like mykje er oppgåva å inspirere og støtte friviljugt omsorgsarbeid i sokna.  Både Vest-Telemark og Otredal prosti  har slike prostidiakonar, og her får kyrkjelydane svært mykje att av diakonal innsats.  Tanken om ein prostidiakon bør drøftast mellom råd og kyrkjeverjer i Aust-Nedenes!

 

Kjære kyrkjelyd!  Dette er nokre av dei viktigaste observasjonane og vurderingane eg har gjort etter desse dagane i Åmli.  Og dersom eg skal samanfatta dei utfordringane som kyrkjearbeidet i Åmli no står framfor, vil eg særleg peike på desse sju sakene:

 

1.      Arbeid vidare på å utvikle gudstenestelivet, i det dere både nyttar eigne, gode krefter og knyt dere til det fornyingsarbeidet som bispedømmet har skipa til.

2.      Bygg vidare ut tilhøvet til kommunen, m.a. gjennom det fellesmøte mellom formannskap og fellesråd som kommunen har invitert til.

3.      Utnytt vidare den gode relasjonen til skulen, og lag gjerne ein sameina plan for skule/kyrkje - samarbeidet, slik at ingen er i tvil om dei moment det skal innehalde.

4.      Vær takksame for og bygg vidare ut det fine barnearbeidet, ved å søkje kontakt med stadig nye foreldre, og gje dei gode tilbod tilpassa ulike alderssteg; kan hende det også kan bli ei gruppe for babytrall for dei aller minste?

5.      Personar som er nær ansvaret, bør kome saman for å drøfta måtar å fornye arbeidet blant dei unge på.

6.      Med tanke på å utvikle kulturkyrkja i Åmli og møte framtidig hyttebygging, er det nyttig å tenkje gjennom bruken av den vakre Tovdalskyrkja. Den fortener å få vere i funksjon! 

7.      Drøft med andre kyrkjelydar om det er ein veg fram for tanken om ei stilling for prostidiakon i Aust-Nedenes.

 

 

 

 

 

Skal det vi drøymer om og vonar kunne realiserast, må det berast fram i både bøn og arbeid.  Bøna ber kyrkja sitt liv.  Det er mi von at visitasen kan verte til inspirasjon for kyrkje – og bygdelivet i Åmli.  Vi har sett noko saman desse dagane og drøfta saman ting som kan skape noko nytt.  Vi er i advent, der nettopp Jesu komme er den sentrale tanken.  Jesus Kristus har lova å vere med si kyrkje – med sin Ande og kraft.  Og i den vissa kan vi trygt arbeide vidare, for vi vil vidare med det viktigaste:  evangeliet om frelsa i Jesus Kristus.

 

Igjen takk for lærerike og gode dagar i Åmlis vakre bygder.

Agder og Telemark bispedømmekontor
Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S
Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,

Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no
Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag

Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR
Bankkontonr.: 7694 05 00717
Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.


Aktiviteter i juni 2013:
ma ti on to fr
               1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
Velg aktivitet i:
Abonnér
Motta e-post med våre nyheter & aktiviteter.



Søk i nettstedet:









 


    This site is powered by i-tools