søndag 26. mai. 2013         
   
 

AKTUELT

Brosjyre for pilegrimsvandring Hovden Røldal 2013 
Pilegrimsvandring Hovden Røldal

Pilegrimsvandring Vest-Telemark - Røldal 2013


Ressursside for bønn

 

Strategiprosjyre

tmb_glede

 











 


Visitasforedrag

etter bispevisitasen i Kviteseid prestegjeld 26. – 30. okt. 2005

 

Kjære kyrkjelyd! Guds nåde og fred!

 

Etter bispevisitasen 2005 – den førre var i mai 1992 – kjenner eg ei djup takksemd for alt det gode som skjer i prestegjeldet.  Her er ei klår vilje til å inkludere born, unge og eldre i ei mangfaldig verksemd.  Her er opne og gode relasjonar til kommune, skule og kulturliv.  Staben arbeider uvanleg godt saman, og sokneråda og fellesrådet kjenner sitt ansvar – og tek det.

Så alt i alt har vi vore gjennom ei sers interessant veke i desse vakre bygdene.  Eg vonar at dei vil bli til inspirasjon for det vidare arbeidet i de ulike sokna.

 

Det er gjennomført eit tett program frå morgon til kveld – frå Kilen til Morgedal.  Vi byrja på kyrkjekontoret med ei samling for staben, og deretter fylde barnehage- og skulegudstenesta i Kviteseid kyrkje.  Så fekk vi ei omvisning i Kilen Kapell og middagsvitjing hjå familien Holberg i Kilen.  Dinest kom gudsteneste i Fjågsund med etterfylgjande samvær i grendehuset.  Her var alle skuleborna sers aktive i programmet.  Så vart onsdagskvelden avslutta med ei tradisjonsrik messe i Kviteseid gamle kyrkje, kor russekoret frå Kvitsund var viktige medspelarar.

 

Så har biskopen hatt samtaler med dei kyrkjetilsette.  Vi har vitja omsorgssenteret og Kviteseid arbeidssamvirke.  Ein spørjetime på ungdomsskulen og møte med lærarane er avvikla.  Så har vi møtt stor gjestfridom, m.a. i organistheimen.  Bygdegudstenesta i Vrådal kyrkje samla fullt hus.  Inspirasjonskvelden i Misjonshuset blei ei fin samling.  Bedriftsbesøket hjå Haugerød & Nilsen på Brunkeberg vart eit interessant blikk inn i dagens transportnæring.  Så deltok Brunkeberg skule og barnehagen i Morgedal i ei flott gudsteneste i Brunkeberg kyrkje.  Møte med ordførar Tveito og rådmann Borgenvik vart eit udelt positivt kontaktmøte.  Det same gjeld den korte vitjinga på Familiekontoret.

 

Lærerikt og utfordrande var det å møte Kvitsundelevane og dei unge som driv dei ulike kristne aktivitetane i Kviteseid og bygdene ikring.  Eit høgdepunkt, med rikhaldig program, vart kulturkvelden i Morgedal grendehus fredagskvelden.

 

Gjennomsynet av kyrkjebøkene var gjort på førehand av fung. prost Sveinung Jørgensen og prost Bjarne Sveinall i Bø.

I tillegg har avd.leiar ved bispedømekontoret, Audun Myhre, vore ein aktiv medspelar under visitasen.  Og stiftsrådgjevar Nina Saugstad har vore på synfaring i kyrkjene og på kyrkjegardane.

 

Som alt nemnt er tilhøvet til kommunen godt.  Kviteseids dyktige kyrkjeverje, Jan Einar Eng, har fin kontakt med kommuneleiinga om budsjett og om dei tiltaka som må gjerast.  Gode relasjonar til skuleverket finst og i kommunen.  Det vart særleg synleg gjennom alle dei fine og vel førebudde skulegudstenestene som prega visitasprogrammet.  Likninga om ”Den miskunnsame samaritanen” vart dei raude trådane i alle gudstenestene, og skuleborna laga levande bibelspel av denne kjente bibelteksta.  Stor takk til alle lærarane for flotte førebuingar!

 

Typisk for kyrkjelydsarbeidet i Kviteseid er det gode samarbeidet mellom den offisielle kyrkja og dei friviljuge organisasjonane.  Det ligg føre ei lang liste over tiltak i friviljug regi som på naturleg måte fell inn i hele kyrkjelydsarbeidet.  Samstundes er det eit godt lokaløkumenisk klima, med opne liner til Misjonsforbundet og pinserørsla.  Ytterlegare eit særmerke er her at kyrkje og kulturliv er så fint vevd saman, noko kulturkvelden ga eit så tydeleg prov på.

 

I arbeidet mellom born og unge står opplæringa av dåpsborna og konfirmantførebuinga sentralt.  Her fins ein god plan for dåpsopplæring, som legg til rette for ei rad tiltak for ulike alderssteg.  Hald fram i dette sporet!  Eg er imponert over det offensive arbeidet som dei unge leiarane står for.  Modellen med ein dugande ungdom i deltidsstilling, Maria Nødland, som så samlar og inspirerer andre unge, syner seg her som eit særs bra arbeidsmønster.  Fleire tiltak samlar mange unge, som også tek ansvar for arrangement i nabobygdene.  Det må og nemnast at Kvitesund Gymnas er ei kraftkjelde for ungdomsarbeidet i distriktet, m.a. ved å inspirere til skulelagsarbeid i nabokommunane.  Ungdomsarbeidet ser alt i alt ut til å vere på eit godt, offensivt spor, og det er gledeleg!  Det er og viktig å merke seg at dei unge gjerne vil møtast på tvers av generasjonane. 

 

I ei tid kor mange menneske kjenner på einsemd og sakn, tross trygge materielle kår, vert kallet til diakonal innsats stadig sterkare.  Det er fint å lese den gode diakoniplanen som Kviteseid har.  Kvaliteten på kyrkjelydsarbeidet vårt kan ikkje minst målast på korleis diakonien fungerer.  Prostidiakonen i Vest-Telemark er her ei framifrå kjelde til inspirasjon og vedlikehald.

 

Det er ikkje sikkert det trengst så mange nye organiserte tiltak innafor diakonien.  Viktigare er det at bygde- og grendelaga er prega av omsorg for kvarandre, at vi ser til kvarandre, at vi bryr oss om kvarandre.  Eg minner om det refrenget som gjekk igjen i skulegudstenestene om den miskunnsame samaritanen: ”Gå ikkje forbi!”  Den som har tungt å bere, treng at andre er med og letter børa.

 

Visitasen har ikkje fokusert så mykje på ytremisjonsarbeidet,  men eg ser at kyrkjelydane har teke ansvar for prosjekt og utsendingar til Nepal, Mongolia og Filippinane.  I tillegg er misjonsdimensjonen sterkt framme på Kviteseid, gjennom foreiningsverksemd, men særleg gjennom russens misjonsprosjekt.  Vi må aldri gløyme at misjon høyrer med i eit sunt kyrkjeliv. Utan ein levande misjonsdimensjon døyr kyrkja!

 

Likeeins er å drive undervisning i kristen tru heilt naudsynt dersom kyrkjelivet skal ha merg og innhald.  ”Eg veit kven eg trur på”, skreiv Paulus (2. Tim 1,12).  Den kristne trua har, i tillegg til andre aspekt, også eit sterkt kunnskapsmoment.  Dette kan liggje i tiltak som t.d. Alpha-kurs, Teleios-kurs og liknande, men framfor alt i den jamne forkynninga, som særleg er prestane sitt ansvar.  Og dette veit eg Kviteseid-prestane sjølv er klår over.

 

Dermed er vi framme ved gudstenestelivet i Kviteseid.  Det er gjennom statistikken rapportert at frammøtet ikkje er stigande, men heller svakt fallande.  Dette kan kanskje ha litt å gjere med det fallande innbyggjartalet generelt her i bygdene.  I alle fall er det ei ståande utfordring til stab og råd og heile kyrkjelyden om stendig å utvikle eit gudstenesteliv som samlar og byggjar fellesskapen i trua på den treeinige Gud.

 

Her har dykk gode ressursar i samvitsfulle prestar og eit godt song- og musikkliv under leiing av ein dyktig kantor.  Eg ser også tendensar til at sokna vitjar kvarandre på messesundagar.  Og med dagens kommunikasjonsmiddel er jo det lettvint, berre vi ser ut over det eigne soknet sine grenser.  Som alt nemnt, så ynskjer dei unge å møte kyrkjelyden på tvers av generasjonane og ikkje berre ha sine eigne arbeidsformer.  Alt i alt trengst det samtale, planlegging og kreativitet for å utvikle eit gudstenesteliv som fremmer vidt utan å lodde grunt. Og her har Kviteseid svært gode føresetnader!

 

Bispedømet har starta eit arbeid i alle kyrkjelydane på å vitalisere gudstenestelivet.  Så det vil bli eit merkbart ”trykk” på denne saka i åra frametter.  Her i Vest-Telemark vil kantor Grete H. Sele i Bø fungere som ein ressurs i tillegg til dei lokale kreftene.

 

Visitasen i Kviteseid 2005 har i stor grad handla om å fornye og styrkje relasjonar og arbeid som er i gang.  Å peike på sider ved arbeidet som direkte vert forsømt, let seg knapt gjere.  Difor har visitasdagane i stor grad vore ei reise i takksemd og stadfesting:  Hold fram som dykk stemner i trua på Kristus – under Andens vegleiing!

 

Oppsummering.

 

Det er likevel sju punkt eg særlig vil setje ein strek under ved avslutninga av visitasen 2005, sju punkt som bør få ei spesiell merksemd:

 

1.      Hold fram med å utvikle eit levande og variert gudstenesteliv for dei ulike generasjonane, i det dykk trekkjer inn alle dei gode ressursane dykk rår over.

2.      Sett det diakonale arbeid og medvit høgt, så omsorg for kvarandre får gode vekstvilkår, i pakt med Jesu vilje:  ”Gå ikkje forbi!”

3.      Vær takksame for eit flott ungdomsarbeid, og støtt det i bøn og løyvingar, slik at det framleis kan være ei kraftkjelde for dei unge.

4.      Hold saman i sokn og grendelag, og gå på vitjing til kvarandre i gudstenester og møtar.  Då vil vi sjå klårare at vi er fleir og meir.

5.      Vær takksame for alt byggjande arbeid i kyrkjekor, songlag og musikk, og bruk det for å stimulere eit rikt lokalt kyrkjeliv.

6.      Hold oppe dei gode relasjonane til skule, kommune og institusjonar.  Det vil fremje ei livsnær lokalkyrkje.

7.      Begynn planlegginga av 50-års jubileet for Kilen kapell, som kjem i år. 2008.

 

Så vil eg enno ein gong takke for gode dagar i desse vakre bygdene og for alt som dykk gjer for å byggje ei levande kyrkje og gode lokalsamfunn.  Vi vil vidare med viktigaste  - Jesu bodskap om fred og frelse – og dykk er godt i gang.  Eg ynskjer Guds signing over stab, råd og alt friviljug arbeid.  Det vi gjer i Herren er ikkje fåfengt, men har løfter om rik frukt!

 

Agder og Telemark bispestol,

30.oktober 2005

 

 

Olav Skjevesland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 





Agder og Telemark bispedømmekontor
Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S
Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,

Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no
Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag

Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR
Bankkontonr.: 7694 05 00717
Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.


Aktiviteter i mai 2013:
ma ti on to fr
      1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31      
Velg aktivitet i:
Abonnér
Motta e-post med våre nyheter & aktiviteter.



Søk i nettstedet:









 


    This site is powered by i-tools