|
VISITASFOREDRAG
ved visitasen i Seljord 20.-24.sept.2000
Den siste visitasen i Seljord fann stad i dagane 7. - 10.mai 1987. Det har vori ei glede å konstatere at visitasen i år har vori svært godt førebudd, under sikker leiing av sokneprest Kjell Johan Nenseter(1996-). Visitasen har også stadfesta kva for nokre kyrkjelege og kulturelle ressursar Seljord rår over. Eg har også merka ei djup og ekte interesse for å forvalte denne rikdomen for komande slekter.
- Gjennomføring av visitasen
Visitasen har innehalde eit breitt program: Den fyrste dagen starta med ein hyggeleg stabslunsj i prestegarden og fortsette med gjennomsyn av kyrkjebøkene, som prost Sigurd Røiseland hadde studert samvitsfullt på forhånd.
Etterpå fylgde ei samtale med dei tre soknerådsleiarane i grendehuset i Åmotsdal.
Aftansong i Åmotsdal kyrkje om kvelden vart leia av prost Røiseland og biskopen.
Kvelden vart avslutta med ei strategisamling for stab, sokneråd, samt leiarane i det frivillige kristelege arbeidet.
Utgangspunktet for samtala var orienteringa biskopen hadde om dei tre hovudområda for satsinga i Agder bispedøme: Åndeleg fornying, utviklinga av større frivillig innsats og styrking av ungdomsarbeidet.
Den andre dagen starta med skulegudsteneste i Seljord kyrkje (kl.5-7), ved sokneprest og biskop. Deretter var det spørjetime på Seljord ungdomsskule og møte med lærarane i grunnskulen. Så fylgde ei økt med samtaler med dei tilsette.
Om kvelden var det aftansong i Flatdal kyrkje ved soknepresten og etterpå drøfting av felles utfordringar, med dei vakre stogene på Nutheim som ramme. Her ga bl.a. Bjarne Geir Nenseter og Rune Lia viktige innspel om ungdomsprestprosjektet i Midt – Telemark.
Den tredje dagen starta med morgonsamling, omvising og spørjetime på Seljord Folkehøskule- ei fin og engasjerande oppleving!
Derette fylgde ei nyttig samtale med kommuneleiinga i Seljord: Ordførar, rådmann, den nye kyrkjeverga og etatleiarar. Samtala blei ført i ei positiv og open atmosfære.
Derifrå gjekk ferda til bedriftsbesøk ved Seljord Lys, besøk på pleie og omsorgssenteret, der biskopen heldt andakt.
Så fylgde ei ny økt med medarbeidersamtaler.
Dagen blei avslutta med ein kulturkveld – på høgt nivå – i Gamlesalen på Granvin.
Under visitasen har biskopen vori assistert av stiftskapellan Oluf Teinum og prost Sigurd Røiseland, mens sokneprest Nenseter har vori den gode døropnar og vert.
Det er lagt særleg vekt på soknestruktur og gudstenesteturnus, ungdomsarbeid, kyrkjelydshus, kontorforhold og orgelsaka under visitasen.
- Bygningar og kyrkjegardar
Seljord prestegjeld har tre vakre, særmerkte kyrkjer, samt tre kapell, Mandal, Nutheim og Svartdal. Av desse blir dei to siste drivne privat. Seljord kyrkje er spesielt vakker, men vil snart trenge noko ytre vedlikehald. Flatdal kyrkje er nyrestaurert med eit fint sluttresultat. Åmotsdal kyrkje framstår i god skikk, mens Mandal kapell treng ei hjelpande hand fordi tømmerveggen sig ut og taket kan trenge utbetring om ikkje lenge. Seljord kyrkjegard treng utviding, og det ganske raskt. At Seljord ikkje har eit kyrkjelydshus er eit sakn som er følt lenge. Dette blei også tatt opp som tema under visitasen i 1987. Det grunnarbeidet som er gjort gjennom prosjektet "Labyrinten", bør utviklast til eit bygg som kan tene som ein møtestad for kyrkje og kultur.
- Personale og arbeidsforhold
Eg har møtt ein arbeidsom og godt motivert stab, som også går saman på ein fin måte i det daglege. Det ein legg mest merke til her er den store arbeidsmengda som kviler på soknepresten. Ikkje minst skuldast dette eit alt for krevande gudstenesteopplegg.
Ein deltids kateket – funksjon gjev for tida god avlasting på konfirmant – sektoren, men ungdomsarbeidet elles treng ei ny satsing, i Seljord som i dei aller fleste kyrkjelydar i dag.
I ein generelt stram kommuneøkonomi bør ikkje kyrkja fremme urimelege krav, men det er eit reelt behov for auka bemanning på kyrkjetenar – og kontorsida. Biskopen har elles registrert at ein er godt nøgd med den nye kyrkjeverga og har forventingar til han.
Eit problem for samarbeid og koordineringa av innsatsen til staben ligg i kontorforholda som ikkje tilfredstiller dagens krav. Nå sit dei forskjellige tilsette på ulike plassar i bygda, og det gjer kommunikasjonen og samordninga av funksjonane for dårlege. Ein måte å få løyst dette på kan vere å ta i bruk den eksisterande bygningen mellom Seljord kyrkjegard og Vallarbrui.
Med relativt små investeringar kan denne bli eit tenleg, felles kontoranlegg, med moglege rom for ein viss maskinpark i tillegg.
- Orgelsituasjonen
Eit særskild tema under denne visitasen, som i 1987, har vori orgelsituasjonen i Flatdal og Seljord kyrkjer. På kvar sin måte er denne utilfredsstillande.
Prestegjeldet har i dag ein svært godt kvalifisert kyrkjemusikar, som fortener gode instrument. Og minst like viktig er det at to så særsprega og vakre kyrkjer får eit orgel som står i stil til dei andre kvalitetane i bygningane.
Flatdal kyrkje har det vesentlege av finansieringa klar, framdrifta i saka er no avhenig av ei oppklaring med dei antikvariske styresmaktene.
Biskopen vil snarast prøve å oppnå nødvendig kontakt med Riksantikvaren for å rydde opp i det som framleis er uklart.
Orgelsituasjonen i Seljord er minst like utilfredsstillande som i Flatdal. Men her har kyrkjelyd og kommune eit stykke veg å gå – både når det gjeld finansiering og tilpassing av nytt orgel til denne spesielle middelalderkyrkja. Her bør ein legge opp til eit parallelt løp, som både handlar om det som står att av orgelfagleg utgreiing og ein brei appell, bl.a. til næringslivet, om å ta del i finansieringa av eit fullgodt instrument. Det vil føre til ein viktig stimulans for kyrkjemusikk, gudstenesteliv og kulturen generelt i bygda.
- Det kyrkjelydsbyggande arbeidet
- Soknestrukturen og gudstenesteordninga
Det meste av drøftingane med råd og stab har vori brukt på soknestrukturen i prestegjeldet. Det er fleire grunnar til dette: Den altfor krevande gudstenesteturnusen til soknepresten
( Seljord har pr. i dag ingen forordna gudstenesteordning), omsynet til dei lokale sokn og deira sjølvbevissthet og den faktiske gudsteneste- og nattverdsøking rundt omkring.
Det har vori drøfta ulike modellar for ei prøveordning med samanslåing av sokn:
- ein utveg kan vere å slå saman Flatdal og Åmotsdal sokn.
- ein annan er rett og slett å lage eit stort sokn av heile Seljord for å sjå om det var gevinstar å hente ved ei slik ordning.
Dette er vanskelege og følsame diskusjonar, ikkje minst fordi dei rører ved tradisjon, lokal bevissthet – samstundes som dei fell saman med almenne tendensar til sentralisering, noko som har sine negative sider. Men spørsmålet er om ein frå kyrkjelyden si side kan vinne noko ved ei slik samanslåing: eit rikare gudstenesteliv, styrka fellesliv og betre samhald på tvers av gamle soknegrenser?
Det har utan tvil blitt lettare å forflytte seg innanfor prestgjeldet sine grenser enn det var tidlegare. Eg vil foreslå at sokneråda raskt går inn i ein avklarande prosess om den sokne- modell ein bør legge til grunn for eit samanslåingsforsøk. Denne soknemodellen vil så bli lagt til grunn for ein revidert gudstenesteturnus.
b. Ungdomsarbeidet
Heile Den norske kyrkja er for tida inne i ein situasjon der ungdomsarbeidet har kome i stor naud. Det fins ein del bra barne- og ungdomsarbeid. Vi har brei kontakt med dei unge i konfirmasjonsfasen, slik er det også her i Seljord. Men deretter slepper kyrkja altfor ofte taket på dei unge.
I denne samanheng har det planlagte ungdomprestprosjektet i fire kommunar i
Midt- Telemark, Seljord inkludert, blitt tema for interssante drøftingar. Det økonomiske grunnlaget for desse prestestillingane, som er tenkt organisert under fellesråda, er ei frivillig gjevarteneste, samt tilskot frå bispedømet, næringsliv og kommune.
Mange innser at det trengs gode krefter for å bygge opp gode oppvekstmiljø i ei tid med sterke brytingar i ungdomskulturen. Ungdomprestprosjektet for Midt-Telemark er lyfterikt, og det er mitt håp at det kan bli realisert i løpet av få månader. Under visitassamtala med kommuneleiinga i Seljord møtte dette prosjektet stor interesse. Det blir t.d. visa forståing for at ein ungdomsprest i Seljord delvis kunne ha sin plass i ungdomsskulemiljøet.
Ein ungdomsprest i Seljord vil fyrst og fremst bli ein viktig ressurs i ei ny ungdomssatsing, men vil også kunne ta enkelte vikartenester, med dei økonomiske tilskot til finansieringa som dette vil utløyse.
c.Øvrige moment: Misjon, dåpsopplæring, diakoni, lokaløkumenikk
Det er vidare ei glede å konstatere at det er eit godt samarbeid mellom den offisielle kyrkja
og dei frivillige kristelege organisasjonane. Ein ide i denne samanheng er å vurdere om misjonsengasjementet i Seljord kunne knyttast opp til eitt bestemt misjonsprosjekt. Ei konkretisering av misjonsansvaret gjev ofte eit breiare og djupare forhold til misjonens sak.
Forholdet kyrkje – skule er også ope og godt. Med betre personalressurser i kyrkjelyden kunne samarbeidet byggast ut endå tettare, med t.d. konkrete samarbeidsplanar. Positivt her er planane for dåpsopplæring. Det er eit sakn at kyrkjelyden ikkje har ein diakoniarbeidar.
Dette er ei årsak til at diakonien er svakt framme i visitasmeldinga. Men vi må fasthalde for kvarandre at kyrkja har eit diakonalt ansvar.
Det lokaløkumeniske arbeidet tek i hovudsak form av evangeliske fellemøte. Slike fellesmøte er ein god tradisjon, men det er viktig at partane på forhånd fører samtaler om møteform og forkynning. Dei evangeliske møta har hatt som eitt viktig mål å vinne nye menneske for Jesus Kristus. Då er det viktig at ikkje ytterleggåande karismatiske innslag i møta set opp barrierar inn til det kristne fellesskapet. Det framandgjer nye menneske for livet i kyrkjelyden, istadenfor å inkludere.
Elles er det ei glede å konstaere at kulturbygda Seljord lever opp til sitt ry. Og her er kyrkjelyd og kyrkje på ein naturleg måte integrert. Måtte det også bli slik framover!
Konklusjon
Når alle desse momenta summerast, vil eg konkudere i flg. utfordringar for kyrkjelyden, og så langt som mogleg vil bispedømet sin administrasjon hjelpe kyekjelyden i løysinga av desse sakene:
- Sokneråda avklarar – gjennom ein open og balansert prosess – den beste måten å organisere soknestrukturen på, med tanke på eit samanslåingsforsøk på 1-2år. Resultatet av denne avklaringa blir så lagt til grunn for ein ny gudstenesteturnus. Målet er eit styrka gudstenesteliv og ein meir samlande kyrkjelydsbevissthet – med tanke på åndeleg fornying.
- Kyrkjelyden sikrar - gjennom gjevarteneste og ansvarsmobilisering – midlar for ein ungdomsprest, som kan kome i funksjon i løpet av neste år. Kyrkjelyden avklarar med kommunen om det er ynskjeleg og mogleg delvis å knytte ungdomspresten til ungdomsskulen.
- Det blir satsa på eit snarleg gjennombrot for orgelsaka i Flatdal. Dessutan blir det lagt ein framdrifts- og finansieringsplan for nytt orgel i Seljord kyrkje.
- Seljord kyrkjelyd og kommune kan i lengda ikkje stå utan eit kyrkjelydshus, som kan formast til eit senter for kyrkje og kultur i bygda. Tusenårsstaden "Labyrinten" forpliktar til ei oppfylging. Eg foreslår at det blir tatt initiativ til å konkretisere ein framdriftsplan for å reise eit tenleg kyrkjelydshus på den tomta som er avsett ved Seljord kyrkje.
- Fellesråd og kommune tek initiativ til ei samlokalisering av dei kyrkjelege tilsette i Seljord. Det vil føre embetssida og rådssida saman til ein meir effektiv kyrkjeadministrasjon. Dette punktet er nemnt til slutt, men syns å vere det som fortast kan få ei løysing.
Så takkar eg for lærerike og gode dagar i Seljord!
Her er rom for nye initiativ og mange opne dører. Slik kan kristenarven førast vidare til nye slektsledd.
Guds nåde og fred over det vidare arbeidet, så vel i fast som frivillig teneste.
AGDER BISPESTOL, 24.september 2000.
Olav Skjevesland.

Agder og Telemark bispedømmekontor Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,
Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag
Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR Bankkontonr.: 7694 05 00717 Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.
|