|
VISITASFOREDRAG VED VISITASEN I HEDDAL 22.-26. NOV. 2000.
Visitasdagane i Heddal har bekrefta at prestegjeldet har mykje fin kristenarv å forvalta. Det har vært ei stor glede å få halda denne visitasen – av fleire grunnar: Visitasen var sers godt førebudd av sokneprest, prost og kyrkjeverge. Visitasfylgjet har møtt stor åpenhet og vilje til ærleg samtale om arbeid og virke i kyrkjelydane. Her finst mange gode medarbeidarar, og ei serleg glede er det å merke det gode fellesskapet som pregar staben. Det er eit uvurderleg gode!
Siste visitas i Heddal vart halden i 1988. Sidan den gongen har vitkige ting skjedd i bygda, framfor alt bygginga av låvekyrkja, som vart vigsla i 1997. Detet er blitt eit framifrå redskap – ei arbeidskyrkje og kulturhus i eitt. Same året kunne Heddal stavkyrkje feire sitt 850-årsjubileum. Vidare kunne Gransherad i 1999 markere 150-årsjubileet for si kyrkje, og no til visitasen framstå i nymåla, vakker skikk.
Visitasens gjennomføring.
Visitasen starta onsdag 22. nov. med ei hyggeleg medarbeidarsamling og frokost i kafe Olea. Deretter holdt biskopen individuelle samtalar med medarbeidarar. Kontorvisitasen var godt førebudd av prost Bjørn Bull Karlsen, og etter denne kom visitten til Haugmotun, der biskopen holdt andakt.
Dernest sto Lisleherad for tur: fyrst samtale med soknerådsleiarar og prestar heime hos fam. Landsverk, så aftansong i Lisleherad kyrkje ved prost, sokneprest og biskop. Deretter var det drøftingsmøte med sokneråd, fellesråd og kyrkjeleg tilsette i Lisleherad skule.
Torsdag 23. nov. byrja med ei inspirerande skulegudsteneste i Gransherad kyrkje ved kapellanen og biskopen, og hvor elevar deltok på ein fin måte. Ei skulegudsteneste på sitt beste!
Deretter blei det spørjetime med 9.-klassetrinnet i Heddal ungdomsskule, hvor biskopen fekk ei rekkje gode og seriøse spørsmål å svare på. Så fulgte møte med lærarane i grunnskulen i kafe Olea, før vegen bar attende til Gransherad – til bydgeheimen hvor biskopen holdt andakt, og deretter til bygdesentralen, hvor dagleg leiar Lise Wiik tok imot og orienterte.
Under aftansongen i Gransherad kyrkje holdt biskopen preika og soknepresten gjorde altertenesta. Kvelden blei avslutta med strategisamling med sokneråd, kyrkjeleg tilsette og representantar frå dei friviljuge organisasjonane.
Freadg 24. november starta med eit nyttig kontaktmøte mellom kommuneleiinga, med ordførar og rådmann – og prestane, prosten, biskopen, kyrkjeverge og fellesrådets leiar, Knut Patrick Hanevik. Fleire viktige tema i tilhøve kyrkje-kommune vart drøfta.
Så fulgte ein visitt i Lisleherad barnehage og bedriftsbesøk hos NOPRO, hvor personalsjefen, Tor Helge Steen, ga ei interessant orientering om dei utfordringane bedrifta står overfor i ein omskifteleg arbeidsmarknad.
Fredagen blei avslutta med ein spill levande og imponerande folkekyrkjekveld i låvekyrkja, der kor etter kor bidro i programmet. Deretter samla ei gruppe med leiaransvar seg til drøfting om utviklinga av barne- og ungdomsarbeidet.
Biskopen har opplevd alle disse møtene som ein stor inpirasjon og kjenner stor takksemd for det mangfaldige arbeid som vert nedlagd i prestegjeldet. Og her er ein varm gjestfrihet som pregar alle tre sokn.
Under visitasen har prost Bjørn Bull Karlsen, sokneprest Per Helge Kjøl og kapellan Morten Edvardsen sammen med misjonskonsulent Asbjørn Aasen assistert biskopen.
Bygningane.
Heddal prestegjeld er på mange vis i ei serstilling når det gjeld bygningar: Her er vakre og velhaldne kyrkjer i Lisleherad og Gransherad. Låvekyrkja er ein arkitektonisk og bruksmessig fulltreffar. Og stavkyrkja er jo ein nasjonal kulturskatt. Om taktekkinga av stavkyrkja er det nett no positive politiske signal som kan varsle om økonomiske tilskott. Dette kan føre til at reparasjonsarbeidet kan fullførast raskare enn vi først frykta.
Etter prostens og kyrkjeverja si synfaring av kyrkjebygg og gravplassar er det gravkapellet i Heddal som no treng ei skikkeleg renovering Desse forholda er kommuneleiinga klar over.
To nyheter sidan siste visitasen: Kyrkjelova av 1996 og KRL-faget.
Kyrkjelova av 1996 har endra soknet si sjølvforståing og relasjonen til kommunen. Soknet er nå ei sjølstendig juridisk eining og kjerna i alt kyrkjeleg arbeid. Fellesrådet har på vegne av soknet fått å ta i vare saker knytta til personalet, økonomi og kyrkjelege bygg og anlegg. Dette er m.a. gjort for å sette soknerådet fri til å arbeide meir aktivt i eit kyrkjebyggande sikte. Men framleis slit sokneråda med mykje byråkrati og krevjande rutiner for rekneskap og revisjon, vert det meldt. Er mulighetene for delegering og forenkling her fullt utnytta?
Det er nå to tydelege ansvarsliner i den kyrkjelege leiinga på lokalplanet: ei pastoral, som ligg på prestane, og ei administrativ, som ligg under fellesråd og kyrkjeverje. Det er viktig at desse to ansvarslinene forstår seg som leiing av ei heilskapeleg verksemd – i respekt for den kompetansen kvar er tildelt. To-delt leiing er ein krevjande styringsstruktur. Poenget er ikkje å markere hvert sitt område på ein overtydeleg og eksklusiv måte, men å ivareta sine ansvarsfelt med våkent blikk for det som fører til smidige og gode funksjonar.
Forholdet til skulen er godt i Heddal, med jevnlege kontakter i form av gudstenester og besøk ved prestane. KRL-faget frå 1997 er framleis under diskusjon. Det kan som kjent definitivt ikkje bli sett på som ein del av kyrkja si dåpsopplæring, men er eit dialogfag som skal fremje kunnskap og forståing for dei ulike religionane i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn. Men fordi KRL-faget etter intensjonen skal knyttast til det lokale religiøse livet, vert relasjonen skule/kyrkje framleis sers viktig. Dessutan står skule og kyrkje saman i den verdi- og kulturformidlinga som ber samfunnet vårt.
Den ideen om "partnerskapsavtale" mellom skule og kyrkje som skulesjefen i Notodden har satt fram, er interessant. Mitt håp er at resultatet av denne prosessen kan bli ein plan for samarbeidet skule/kyrkje i dei ulike krinsane i Heddal prestegjeld, ein plan som er realistisk og tilpassa dei ressursane ein rår over.
Det nye KRL-faget legg eit stort ansvar på kyrkja når det gjeld å bygge opp ei dåpsopplæring ut frå eigne premiss. Det er fint å se at alle tre sokna har utarbeidd ein dåpsopplæringsplan. Her er vi ved ei sak som vi i heile kyrkja må drøfte intensivt framover. For no ligg det føre ei offentleg utgreiing om dåpsopplæring i Den norske kyrkja ("- til et åpent liv i tro og tillit", NOU 2000:26). – Og dermed er vi over i det arbeidet som direkte spring ut av kyrkjelyden.
Arbeidet i kyrkjelydane.
Med låvekyrkja som serleg tenleg redskap kan Heddal arbeide både for åndeleg konsentrasjon innad, i form av gudstenester, bibelstudium, gruppeaktivitet, - og for åpning utad i arbeidsformer med større kulturell bredde. Vi må erkjenne at smak og behag når det gjeld musikkstil og kulturelle uttrykk er svært varierande i dag. Derfor må vi, i pakt med Paulus’ ord i Fil 4,8, gi rom for alt som er rett og reint og verdt å elska og akta. Det gjeld ikkje minst i møte med ungdomskulturen.
Heddal sokn har og eit serleg ansvar for å møte dei moderne pilegrimane, turistane, på ein god måte.
Gudstenestene vil alltid være eit nøkkeltema under ein visitas. Det er gledeleg å høre rapportar om ei positiv besøksutvikling i Gransherad. Det er vidare imponerande å se korleis dei mange kora er ein ressurs i gudstenestene rundt i sokna. Desse kora er ei gåve til fellesskapet og ein veg inn i gudstenesta for nye familiar. Så arbeid vidare med familiemessene!
Dei frivillige medarbeidarane er uvurderlege. Her har prestegjeldet mange fine ressurspersonar, både innan dei offentlege organa, i dei kristelege organisasjonane og speiderbevegelsen. I vår kyrkje er vi no i ein situasjon da vi ikkje må stille så høge krav til profesjonalitet at folk kvier seg for å ta på seg oppgåver. Vi må tvert om gi tillit og ruste ut, slik at fleire kan få del i den velsigninga det er å bygge ein levande kyrkjelyd.
Det er truleg uutnytta ressursar i t.d. varamedlemmene i sokneråda og i dei foreldra som har barn i korverksemda og speiderarbeidet. Vårt bispedøme har no sett som eit sentralt mål å utløse "ny frivillighet". Og her er det ei erfaring at det vert lettare å skape frivillig engasjement der kyrkjelyden kan stille opp med ein inspirator og stabil støtteperson. Dette er tilfelle både i ungdomsarbeidet, som er avhengig av fast leiing, og innan diakonien, der ein løna arbeidar kan rettleie og stø dei frivillige. Her må vi dessutan lære å gjøre meir presise og ærlege avtaler med dei vi gjev ei utfordring, fordi mange i dag er pressa på tid. Fleire vil kunne ta på seg ansvar dersom dei får tydeleg avgrensa oppgåver. Tanken om ein diakonistilling på deling mellom Heddal og Hjartdal bør såleis haldast varm, sjølv om den akkurat nå er vanskeleg å få realisert.
Barnearbeidet viser gode tendensar. Korarbeidet for dei minste er imponerande. Og planen om ein søndagsskule i Gransherad håper vi vil slå til. Lokal korverksemd som av og til slår seg saman til stor sangfest, slik ein så det ved folkekyrkjekvelden sist fredag, er ein bra arbeidsmodell for framtida og. det ligg inspirasjon i a se kor kange vi faktisk er!
Ungdomsarbeidet ser ut til å ha behov for meir sentrale og større arenaer. Den tverrkyrkjelege rusfrie kafeen som er planlagt i Notodden, vil være eit godt ungdomsdiakonalt tiltak, og eit drop-in-sted. Men det er også nødvendig med stabile miljø som kan gi varig tilhørighet og vekst i kristen tru. Dette gjeld ikkje minst for å gi konfirmantene eit godt trusmijø.
Organisasjonenes arbeid er under endring, også i dette prestegjeldet. Her fins 9 bedehus, noe som viser plassen det frie lekmannsarbeidet har hatt i desse bygdene. Men den tradisjonelle møtevirksomheten har nå jevnt over låg oppslutning. Like fullt har bedehusa respekt i befolkninga, det visest ikkje minst når det vert kalla til dugnad og oppussingsarbeid. Eit lyspunkt er barnegospelen, som også fanger opp foreldregenerasjonen. Bedehusa er framleis eit viktig innslag og eit supplement i det lokale kyrkjelivet. Men misjonsengajsmentet må i dag også førast vidare i nye former, så som t.d. SMM – Samarbeid for menighet og misjon. Det er eit stort pluss at kyrkjelyden har eit konkret misjonsprosjekt, nemleg støtte til ein skule i Kamerun, i regi av NMS. Slike konkrete prosjekt gjør misjonen nærare og meir forpliktande.
Oppsummering.
Det har under visitasdagane vore godt å kjenne den felles vilje som her rår når det gjeld å nå lengre ut og djupare inn med evangeliet. Hvis eg summerer opp nokre punkt som er særleg viktige å arbeide vidare med, må desse stå i framste rekkje:
- Arbeide vidare med å utvikle eit allsidig gudstenesteliv for både barn og voksne, i det de utnyttar kor og musikk som berikande innslag! Vær også kreative når det gjeld å utvikle andre samværsformer og –tider!
- Prøv å bygge vidare på det gode barnearbeidet framover, slik at det kan bli stammen til ein ny ungdomsgenerasjon i kyrkjelyden. Da er utrusting av leiarar viktig. Og dersom det blir mulig å tilsette ein lønna, deltids ungdomsarbeidar, ville dere få betre stabilitet og styrke på ungdomsfronten.
- Tenk og arbeid heile tida ut fra ein dobbel strategi: Kyrkjelyden må stadig fornyast i sitt liv med Jesus Kristus innad, og utad skape åpne portar og låge tersklar for dei som søkjer tru og tilhørighet. Om ikkje alt lukkast, vil noko lukkast. Og det spørsmålet vi ikkje må gi slipp på, er: Føres nokre til kristen tru og vedkjenning i alt det vi held på med?
- Diakoni og misjon er to avgjerande kjenneteikn på sunt kyrkjeliv. For vi er satt til å bere andres naud – og nauda har mange ansikt i vår tid. Like eins er vi kalla til å dele evangeliet med andre, ikkje tvihalde på det for eigen del,
- Samarbeidet kyrkje/skule bør konkretiserast i realistiske "partnerskapsavtalar" mellom dei lokale skulane og sokna – helst slik at ein avtale vert sett ut i livet ved skulestart 2001.
- Det bør snarast råd leggast ein forpliktande plan for nødvendig opprusting av kapellet i Heddal.
*
Så takker eg til sist for sers inspirerande og fine dagar i Heddal. Lisleherad og Gransherad. Takk for tenesteiver og trufast medarbeidarskap! Det er ikkje fånyttes, for Gud vaker over sitt ord – og over oss – slik at hans rike får sin stille vekst også i desse bygdene.
Agder bispestol, 26. nov. 2000.
Olav Skjevesland

Agder og Telemark bispedømmekontor Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,
Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag
Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR Bankkontonr.: 7694 05 00717 Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.
|