|
VISITASFOREDRAG VED VISITAS I VINJE PRESTEGJELD
24.-29. april 2001
Kjære kyrkjelyd! Guds nåde og fred!
Den siste visitasen i Vinje prestegjeld vart halden for nøyaktig 12 år sidan, 26.-30. april 1989. Mykje har skjedd i prestegjeldet sidan dess. To merkesteinar er 200-årsjubileet for Vinje-kyrkja (1996) og 150-årsjubileet for Grunge kyrkje (2000).
Ein visitas er gjerne samansett av 3-4 element: Tilsynet med kyrkjelyd og medarbeidarar, kontaktar med skulen, dialog med kommunen – og eit innblikk i det lokale næringslivet. Alle desse elementa var innarbeidd i Vinje-visitasen denne veka, og vi som har fått vera med, har opplevd rike dagar. Biskopen, og fylgjet hans, har møtt opne dører og hjartevarme alle stader. Difor vil eg byrja dette foredrag med å si fram ein stor takk for framifrå mottaking og vel førebudde arrangement.
Vinje er ikkje kvar stad som helst i Noreg, men har bygder med rike kyrkjelege og kulturelle tradisjonar, boren oppe av eit sunt sjølvmedvit om dei verdiane folket her forvaltar.
Innhaldet i visitasen.
Programmet desse dagane har bydd på det meste: Det starta onsdagen (25.4.) med ei fin mottakting og lunsj på Edland skule, med påfølgande skulegudsteneste, og hvor elevane deltok på beste vis. Deretter bar det av sted til songstund i Vinje kyrkje for Vinje skule, hvor biskopen også svara på spørsmål frå borna.
Så var det møte i prestegarden med soknerådsleiarane, hvor vi tala saman om stoda i kyrkjelydane og om strategiske mål for det vidare arbeidet. Eit annleis innslag var møtet med KFUM-speidarane i Åmot, hvor vi grilla pølser ute i skogen og biskopen heldt andakt.. Dagen vart avslutta med salmekveld i Nesland kyrkje, hvor fleire av bygdas gode krefter deltok.
Torsdag 26.4. foregikk for det meste i vestdelen av prestegjeldet, hvor dagen byrja med eit møte med ei gamal basisnæring i Vinje: Geitehaldet. Vi fylgde bokstavelig talt geitemjølka frå gard til ysteri, om enn i omvendt rekkefølgje.
Så innleidde prostidiakonen til lærermøte på Vinjar med tema: "Oppvekstvilkåra for born og unge i Vinje". Ei viktig samling var det møtet som prosten leia med sokneråd, fellesråd, staben og leiarane i det friviljuge kristelege arbeidet i prestegjeldet. - Ein kveldssong i Grunge kyrkje med fint samansett program avslutta dagen.
Fredagens program (27.4.) var konsentrert om Åmot, med morgonsamling på Åmot skule med vel førebudde elevinnslag og spørjetime med biskopen. Så innbaud kommunen til lunsj og kontaktmøte, som vart halden i en åpen og ledig tone, og med ordførarens interessante innføring i kommunens aktuelle situasjon og planar. Dei gode relasjonane mellom kyrkje og kommune vart bekrefta. Eit heilt igjennom positivt møte!
Ettermiddagen vart avsett til biskopbesøk på Bygdeheimen i Grungedal og Helsesentralen i Åmot. Og så vart dagen avrunda med eit sers interessant kulturprogram i Vinjehuset.
Innimellom hadde biskopen einskildsamtalar med tilsette. Med i biskopens fylgje var misjonskonsulent Asbjørn Aasen, prost Olav Rune Ertzeid, sokneprest Svein Ringhus og prostidiakon Eilev Erikstein. Viktige personar under avviklinga var også kyrkjeverje Aslak Råmunddal og fung. organist Vegard Omdal og soknerådsleiarane. Alle dessen møta har gjeve eit innblikk i det kyrkjelege og kommunale livet som fyller meg med takksemd.
Bygningar og lokale.
Det er som nemnt gjort store investeringar i Vinje og Grunge kyrkjer dei siste åra. Kyrkjene er blitt ein pryd for bygda. Nesland kyrkje har eit par problem som både sokneråd og kyrkjeverje har peika på: dei smale benkane som er vonde å sitje på – og støv og rusk som dryss ned frå taket, serleg når det bles ute. Det fyrste problemet angår antikvariske tilhøve, det andre er ein detalj, kan hende, men det skader orgelet fordi rusket fell ned i orgelpipene. - Dessutan har ingen av kyrkjene rullestolrampe enno, så her trengst nye initiativ!
Men det mest akutte byggeproblemet er vanskane med å bera kiste inn og ut ved gravferd i Vinje-kyrkja. Her må fellesråd og bispedømeadministrasjon ta saka opp på nytt med riksantikvaren for å finne ei løysing.
Kyrkja sine kontortilhøve på Åmot er usikre, men biskopen har merka seg ordføraren sin lovnad om at tenlege areal vil bli skaffa, og likeeins at kyrkja vil få sin naturlege plass i den modellen med servicetorg som Vinje kommune planlegg å realisere frå 1. januar 2002.
Verdt å nemne er også at soknepresten i si visitasmelding slår frampå om at ein på sikt reiser eit nytt kyrkjebygg på Åmot med flerbruksmuligheter og kyrkjekontor. Ein spanande tanke, som nok høyrer framtida til. Eit frø er sådd!
Kyrkje-skule-samarbeidet.
Etter innføring av det nye KRL-faget ("Kristendom med religion og livsyn", 1997) er relasjonen kyrkje-skule endra. Det nye faget, som ikkje er eit kristendomsfag i gamal tyding, men eit dialogprega religionsfag, har ført til at tilhøvet måtte definerast på nytt. Men fordi KRL-faget skal knytast opp mot det religiøse livet på staden, får kyrkje og skule framleis med kvarandre å gjere.
Biskopen kan konstatere at tilhøvet mellom kyrkja og skulen i Vinje er åpent og godt, noko dei fine arrangementa i visitasopplegget har stadfest. Utdanningsdirektøren i Telemark, Aust- og Vest-Agder har saman med biskopen utarbeidd eit felles dokument for samarbeidet kyrkje-skule. Biskopen vil overlevere nokre eksemplar til sokneprest og skuleleiing med sikte på å utvikle eit enda tettare samarbeid.
Kyrkjelivet.
Ein visitas har framfor alt kyrkjelivet i fokus.Det er ei glede å sjå at kyrkjstaben har ein open og god samarbeidstone og at heile prestegjeldet har mange fine ressurspersonar i den friviljuge sektoren. Ein bispevisitas er eit godt høve til å analysere kyrkjesituasjonen lokalt, og så samtale om dei utfordringane som ligg framfor oss.
En samlande karakteristikk av Vinje prestegjeld er at sokna er prega av ein kulturkristendom forankra i kyrkja sitt sentrum: påsketrua. Her er kyrkjeliv og folkeliv smelta i hop på ein naturleg og utvungen måte. Lat oss sjå på nokre viktige sektorar:
Gudstenestelivet. Med fleire sokn og ein prest blir det ikkje enkelt å byggje opp sterke gudstenestemiljø. For gudstenestemiljø har og med gudstenestefrekvens å gjere.
I det eg høyrer at ein er nøgd med gudstenestefordelinga, får biskopen samstundes også signal om at ein ynskjer fleire messer rundt i sokna for å styrkje samlinga og fellesskapet. Det tyder at bispedømeadministrasjonen, prosten og lokale ansvarspersonar bør drøfte om det er mogeleg å auke bruken av vikartenester og såk. lekmannsmesser.
I samtalen med soknerådsleiarane fekk gudstenestelivet i kapellet på Åmot serleg merksemd. Prosten slo frampå tanken om å utvilke eit gudstenesteprosjekt som tok sikte på å femne heile familien. Og kan hende enkelte av desse kan leggjast til sundag ettermiddag. Det veks fram ei ny erkjenning i kyrkja om at ein må tenkje meir fleksibelt og inkluderande om gudstenestelivet. Eit meir stabilt og sterkt gudstenesteliv på Åmot vil også gjeve grokraft til tanken om nytt kyrkjebygg i kommunesenteret. - Elles er ei varig løysing på organistspørsmålet avgjerande viktig for utviklinga av gudstenestelivet. Eg trur kyrkjeverja sin tanke om å lage ein kombinasjon med musikkskulen er god. Det vil skape ein 100%-stilling med håp om god rekruttering.
Arbeid for born, unge og evangelisering. Når det gjeld arbeid for born, er Grungedal sokn godt dekt med speidargrupper for gutar og jenter, barnegospel og sundagsskule. Her er og nedsett eit dåpsopplæringsutval, som m.a. tek seg av 1-, 2- og 3-årshelsingar til dåpsdagen. "Bornas kyrkjebok" vert utdelt i alle sokn. Det er og interessant å notera at Grungedal gjer forsøk med Alpha-kurs. Vidare gjorde det inntrykk å møte speidarane på Åmot – ei stor gruppe ulvungar og gutespeidarar med staute fedre som leiarar. Eit framifrå tiltak! Her ser vi m.a. kor bra det er med fleire leiarar som kan dele på ansvaret og sjølv kjenne eit fint fellesskap omkring dette ansvaret. - Og så vonar eg at sundagsskulearbeidet på Åmot kan få ein kveik, så det kan haldast i gang.
Elles er ein viktig del av ungdomsarbeidet dei kull av konfirmantar som år etter år melder seg til førebuinga. Her får kyrkja ei gåve i hendene som er heile kyrkjelyden sitt ansvar. I samtale har vi reist tanken om å lage store, felles konfirmanttreff for Vinje, Rauland og Tokke, hvor undervisning og idrettsaktiviteter inngår. Det er ein god ide som fortener ei utprøving.
Diakoni.
Diakoniutvala er ein viktig faktor, som ikkje minst får inspirasjon og drahjelp av prostidiakonen. "Diakoniens dag" er ein god tradisjon som må haldast oppe, likeeins minnegudstenestene for sørjande på helgemessesundagen.
I møte med kommuneleiinga vart temaet ungdomsdiakon sett på dagsorden. Å skape gode, byggjande arenaer for ungdomen er viktig. Positive alternativ er gull verdt. Ei ny stilling som ungdomsdiakon for Vinje, Rauland og kan hende naboprestegjeld, er ein tanke som vekte interesse. Kyrkjelydane bør utvikle ein modelll og finansieringsplan for ei slik stilling, og så invitere dei aktuelle kommunane til å ta del i prosjektet. Den rette personen i ei stilling som ungdomsdiakon, vil kunne bli ei kraft i ungdomsarbeidet vest i Telemark.
Misjon.
Sundt kyrkjeliv har også misjonsdimensjonen inne. Det er misjonsgrupper for NLM i Edland og Åmot, og eit misjonsengasjement knytt til prestegarden i Vinje
Det bøneansvar som Grunge kyrkjelyd har for kristne brødre og søstre i Pema Gatshel i Aust-Bhutan, er verdfullt, og kan hende vil dette konkrete ansvaret kunne utvidast til å involvere heile prestegjeldet. Konkret misjonsansvar gjer noko godt og inspirerande i kyrkjelydane!
Oppsummering og nye mål.
Av alt det vi har drøfta saman desse dagane, er det fem saker som stig fram som serskilde satsingsområde:
- Gjer utviklinga av gudstenestelivet og –frekvensen til eit hovudtema – og da serleg for Åmots del. "Messe som prosjekt" kan vere eit høveleg stikkord å samla engasjementet om. Det kan og i si tid mogne fram realiseringa av eit nytt kyrkjebygg i kommunesenteret.
- Stiftinga "Prostidiakonatet i Vest-Telemark" tek initiativ til å utvikla eit konsept for ungdomsdiakonstilling for regionen, basert på eit samvirke mellom kyrkjelydar og kommunar.
- Fellesrådet tek utfordringa om å etablere ei organiststilling, gjerne i kombinasjon med deltid på musikkskulen, som blir ei full stilling. Det vil kunne bety kvalifiserte søkjarar til ei sers viktig stilling både for kyrkje- og kulturlivet i kommunen.
- Prøv å trekke heile prestegjeldet med i eit konkret misjonsprosjekt, og se om det er mogeleg å få starta med ein årleg misjonens dag i Vinje.
- Fellesrådet tar på ny opp med bispedømeadministrasjonen saka om det vanskelege inngangspartiet i Vinje kyrkje, slik at vi saman kan få reist saka for riksantikvaren igjen.
*
Så takkar eg varmt for gode dagar i Vinje, som har så mange gode krefter og rike talent. Guds kyrkje byggjest med tru og tålmod, og vårt arbeid i Herren er ikkje til fånyttes. Eg er glad for å sjå alt det gode som skjer i kyrkjelydane, men vårt håp og vår bøn er at ei stadig fornying i Andens kraft må skje. Gud signe kyrkjelyd og alle gode medarbeidarar i desse bygdene.
Agder bispestol, 28. april 2001
Olav Skjevesland
biskop

Agder og Telemark bispedømmekontor Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,
Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag
Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR Bankkontonr.: 7694 05 00717 Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.
|