|

Kyrkjelyd og misjon
SMM Agder og Telemark ynskjer kyrkjelydar som snakkar om Jesus, gjer Guds gjerningar og er tilstades for menneske lokalt og globalt.
Kyrkja vår er ei misjonerande folkekyrkje. I det ligg det at misjon ikkje er ei sak for dei spesielt interesserte. Det å drive misjon er tvert om ei oppgåve som er gitt til alle kristne! Det å vere misjonerande – eller misjonal – er òg ei side ved det å vere kyrkje, ein fundamental eigenskap som me som kyrkje og kyrkjelyd ikkje kan vele vekk.
Som kristne medmenneske, og som kyrkjelyd, skal me bringe evangeliet over grenser. Me skal arbeide for at evangeliet når nye områder av verda, til sanningssøkjande menneske innanfor alle religionar. Men me skal også arbeide for at evangeliet når nye generasjonar og menneske i vårt eige lokalmiljø.
SMM Agder og Telemark er eit nettverk for kyrkjelyd og misjon i bispedømet. I samarbeidet deltek
- Det norske Misjonsselskap
- Misjonsalliansen
- Normisjon
- Areopagos
- Den norske Israelsmisjon
- Den norske Tibetmisjon
- Agder og Telemark bispedømeråd
SMM Agder og Telemark vil styrkje fokuset på misjon i bispedømet og i kyrkjelydane. Me vil arbeide lokalt for at heile kyrkjelyden, også barna og ungdommane, skal bli ein misjonerande kyrkjelyd. Du kan lese meir om måla våre i strategiplanen for 2005-2008.
 Misjonsarbeidet er eit stort og omfattande arbeid. Det drivast misjon i alle delar av verda. Leitar du og kyrkjelyden din etter ein måte å konkretisere misjonsarbeidet globalt og lokalt på?
Da bør de skaffe dykk ei misjonsavtale. Med ei slik avtale får kyrkjelyden ein spesiell relasjon til eit bestemt prosjekt i ein annan del av verda.
Leitar kyrkjelyden din etter ein måte å inkludere misjonstanken i kyrkjelydslivet på? Bruk misjonsavtala til kyrkjelyden som utgangspunkt! Ver klar over at misjonsorganisasjonen som de er i kontakt med, sit på mange ressursar som de kan bruke! La misjonsavtalen skape ramma for ein eller fleire gudstenester i året.
Be for prosjektet dykkar i kvar gudsteneste. Bruk misjonsavtalen som emne for møte i lag og foreiningar i kyrkjelyden. La misjonsprosjektet bli emne for ei konfirmantsamling eller to.
 Oppfordre kyrkjelydens barne- og ungdomsarbeid til å bruke avtalen: La den bli emne på møter i søndags- skolen, barneforeininga, speidergruppa eller ungdomsklubben. La barne- og ungdomskoret synge songar frå ”dykkar” land.
Kort sagt: La misjonsavtalen bli noko som heile kyrkjelyden eig!
I 2006 ynskjer SMM Agder og Telemark å satse særleg på ungdom. Dette kan du lese meir om HER.
Alle ungdommar i bispedømet er inviterte med på tur til Kamerun vinteren 2007. HER finn du informasjonsbrosjyre!
Saka ”En misjonerende kirke” var oppe på Kyrkjemøtet 2005. Du kan lese meir om saka HER .
NYHEITER OM KYRKJELYD OG MISJON
RESSURSMATERIELL
ARTIKKELSTOFF
NYTTIGE LENKER
For nærare informasjon om SMM Agder og Telemark, kontakt misjonskonsulent Svein Arve Egeland via e-post eller tlf. 38 10 51 42.
Bilete: NMS fotoarkiv

Agder og Telemark bispedømmekontor Postadresse: Postboks 208, 4662 KRISTIANSAND S Besøksadresse: Markensgate 13, 4611 KRISTIANSAND S,
Tlf.: 3810 5120, Faks: 3807 0350, E-post: agder.bdr@kirken.no Sentralbordet er åpent fra kl 09:30 - kl 15:00 på mandager og kl 09:00 - kl 15:00, tirsdag - fredag
Fakturaadresse: Agder og Telemark bispedømmeråd, Fakturamottak DFØ, Postboks 4104, 2307 HAMAR Bankkontonr.: 7694 05 00717 Ansvarlig redaktør: Tormod Stene Hansen. Ta gjerne kontakt med oss.
|