Finn menighet
Jeg søker:
Kart Nord-Hålogaland Sør Hålogaland nidaros møre hamar bjørgvin stavanger agder tunsberg borg oslo


verden_sjomannskirken2_160.png


dagens_bibelord_190.jpg

 

Biskop Munib Younan på pressekonferansen etter at han blei valt til presidet i LVF.

Munib Younan valt til president i LVF

24.07.2010

Biskop Munib Younan blei laurdag valt til ny president i Det lutherske verdsforbundet. Biskop Helga Haugland Byfuglien og medisinstudent Jenny Skumsnes Moe blei begge valt som medlemmer av Rådet i LVF.

- Då eg blei nominert av den asiatiske regionen, så eg det som eit kall frå Gud, og eg vil ikkje flykte frå dette kallet slik som Jona, sa biskop Munib Younan (59) på ein pressekonferanse i Stuttgart etter at han var blitt valt som president i LVF.

Det er første gongen LVF får ein presidet frå den asiatiske regionen. Younan har vore biskop i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage landet (ELCJHL) sidan 1998. Han har teologisk utdanning frå Palesina og Helsingfors, og er mellom anna ein sentral person i Det kristne rådet i Midtausten (Middle East Council of Churches).

Munib Younan har markert seg som ein konsekvent talsmann for rettferd og fred i Midtausten, og blir lytta til i vide krinsar. Han er ein nøkkelperson i dialogarbeidet mellom kristne, jødar og muslimar i Det heilage landet. Fram til no har han vore ein av visepresidentane i LVF, og har i mange år vore medlem av Rådet i verdsforbundet. 300 av dei 360 røysteføre på generalforsamlinga gjekk inn for biskop Younan som president.

Den norske kyrkja har ei avtale om samarbeid med Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage landet. Biskop Younan har i mange år hatt tett kontakt med Den norske kyrkja og har vore i Noreg ved fleire høve. Då situasjonen for dei kristne i Midtausten var sak på Kyrkjemøtet i 2008, var han invitert som gjest på møtet.

Norske rådsmedlemmer
Den norske kyrkja har no fått to medlemmer i Rådet i LVF. Rådet er det høgste organet i verdsforbundet mellom generalforsamlingane. Det har 48 medlemmer som blir valt av generalforsamlinga, i tillegg til presidenten og finansleiaren. Rådet møtast med eit mellomrom på 12-18 månader.

Biskop Helga Haugland Byfuglien tek over plassen som advokat Helge Aarseth har hatt sidan generalforsamlinga i Winnipeg sju år tilbake. I tillegg blei medisinstudent Jenny Skumsnes Moe valt inn i Rådet etter å vore lansert som ungdomskandidat av alle dei nordiske medlemskyrkjene. Ho er frå før medlem i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.

munib og norske 360.jpg
Munib Younan har tette band til Den norske kyrkja. Her sit han saman med norske vener i Stuttgart. F.v. Berit Hagen Agøy, Kjetil Aano, Munib Younan og Helga Haugland Byfuglien.

Glede over Munib Younan
- Vi i Den norske kyrkja gleder oss over valet av Munib Younan som president, seier generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd Berit Hagen Agøy. - Det er ei glede at LVF for første gong har fått ein asiatisk president, og at ein som kjem frå ei talmessig lita kyrkje har fått ein slik posisjon. Det gleder meg \og at den nye presidenten kjem frå ei av samarbeidskyrkjene våre.

Hagen Agøy håpar at vale vil vere med på å opne enda fleire auge for situasjonen til dei kristne i Midtausten.

- Samstundes er eg trygg på at biskop Younan vil bli ein president som har fokus på heile den verdsvide lutherske kyrkja. Han er ein varm kristen med ei frimodig tru. Det er flott å få ein ny president som har grunnfesta heile samfunnsengasjementet sitt i den kristne trua, slik det óg har vore tilfelle med den avtroppande presidenten biskop Mark Hanson.

Berit Hagen Agøy ser òg svært positivt på at to frå Den norske kyrkja får plass i Rådet i LVF.

- For meg er dette eit uttrykk for at Den norske kyrkja ser det som verdfullt å høyre heime i eit stort kyrkjefellesskap. Vi treng det som kyrkje. Vi blir rikare av det og vi trur òg at fellesskapet blir rikare av det. Det er to ressurssterke og dyktige representantar for kyrkja vår som vi no kan dele med den verdsvide lutherske kyrkja, seier Hagen Agøy.

Følg med på nettsida til generalforsamlinga i LVF. Plenumssesjonane kan følgjes direkte på web-tv frå denne sida.

Skriver Utskriftsvennlig versjon

Tips en venn




>Nyhetsarkiv