Kyrkjerådet sendte 21. august 2009 denne meldinga kyrkjelydane om bruk av prøveliturgiar etter avslutninga av høyringsperioden 15. september.
Høyringsperioden for framlegget til ny hovudgudsteneste, dåp og salmebok for Den norske kyrkja går no mot slutten. Det har kome fram spørsmål om dei kyrkjelydane som har kome i gang med utprøvinga, no må gå attende til Gudstenesteboka - ordninga frå 1977. Kyrkjerådet har bede Bispemøtet om ei avgjerd i denne saka. Bispemøtet har handsama spørsmålet i møte 24.-25. juni 2009 og gjort følgjande vedtak:
Bispemøtet gir sitt samtykke til at menigheter som er utvalgte høringsmenigheter og menigheter som har søkt biskopen om å prøve ut forsøksliturgiene, kan fortsette med sin fastsatte lokale grunnordning etter høringsfristens utløp 15. september 2009 og frem mot 1. søndag i advent 2011. BM 25/09
Kyrkjelydar som har drive med utprøving av framlegget til ny tekstbok, kan sjølv avgjere om dei vil fortsetje med utprøvinga, men Kyrkjerådet tilrår at dei går attende til dei gamle rekkjene etter høyringsperioden. Ein tilrår heller ikkje at fleire kyrkjelydar startar med utprøving av tekstboka på noverande tidspunkt. Ein vil helst sleppe den at mange kyrkjelydar nyttar ulike tekstrekker over ein lang tidsperiode.
Om bruk av prøveliturgiar etter 15. september

21. august 2009
Med helsing
Paul Erik Wirgenes
Avd. dir. i Kyrkjerådet
Lillian M. Dittmann
Prosjektleiar