
Etter bryllaupet
Både familiekontor, kyrkjelydar og andre arrangerer samlivskurs for nygifte og for dei som har vore gifte ei stund. Dette er samlingar der dei som er med, oppmuntrar kvarandre og får gode råd om korleis dei kan utvikle ekteskapet og samlivet sitt.
I samfunnet vårt blir det lagt stor vekt på endringsvilje og fleksibilitet både i arbeidsliv og fritid. Familien har derfor ei viktig rolle, her er det mogleg å føre stabiliserande tradisjonar vidare og arbeide konstruktivt med å utvikle nye felles erfaringar.
Markering av bryllaupsdag
Kvart einskild menneske ber på noko heilt unikt som blir foredla og utvikla heile livet. Samstundes blir det skapt mykje nytt og spennande i fellesskapen mellom to ektefellar, og i familielivet. Vigselen skal vere ein merkedag som fortel at det å investere i det beste hos kvarandre gir god avkasting. Derfor er også markering av bryllaupsdagen kvart år ein fin skikk.
I samband med sølvbryllaup (25 års bryllaupsdag) eller andre runde år hender det at nokon ber om ei form for ”revigsel” eller løftefornying. Dette er ein ganske ny skikk med ein seremoni som liknar på vigselen. Denne løftefornyinga kan leggjast til kyrkja der ein vart vigd eller til kyrkjelydskyrkja der ein bur. Føremålet er å få ein ekstra dimensjon på feiringa og i tillegg styrkje den mellommenneskelege fellesskapen. Dei som ønskjer ein slik seremoni, kontaktar prest eller kyrkjelydskontor.
Gode og vonde dagar
Det kan kome dagar da uvisse og motsetningar byggjer seg opp. Da er det godt å vite at både kommunar, kyrkjelydar og organisasjonar har lokale ordningar for samtale og rettleiing som gir gode rammer for ærlegdom og klårleik både om det vonde og det gode. Også i situasjonar der samlivet blir brote, vil desse instansane vere til god hjelp og medverke til eit framleis verdig liv for begge partar.
Vigselen og livet
I det mest kjende kjærleiksdiktet i verda, Kjærleikens høgsong i Paulus’ fyrste brev til korintarane, står det: Kjærleiken tek aldri slutt. For ei kristen kyrkje er ekteskapet ein institusjon som er eit synleg teikn på dette.
…å leva det er som havet
å spegla Guds himmel av.
(Fra Å leva det er å elska NoS 698, tekst: Anders Vassbotn)
Utskriftsvennlig versjon





