
Planleggje bryllaup
Ta til med planlegginga i god tid. Å få hastverk med å avklare dei praktiske detaljane kan lett kome til å forstyrre førebuingane til eitt av dei største høgdepunkta i livet.
Dersom den aktuelle kyrkja er ei populær kyrkje for bryllaup, kan det vere lang tingingstid og andre avgrensingar. I Den norske kyrkja er det slik at ein betaler ei avgift for å bli vigd i ei anna kyrkje enn der ein geografisk høyrer heime. Kyrkjeleg vigsel er berre mogleg i ei kyrkje eller på ein annan gudstenestestad som er godkjend av biskopen.
Dei som ønskjer vigsel i ei norsk kyrkje i utlandet, kan ta kontakt med den aktuelle kyrkja via nettstaden www.sjomannskirken.no Sjømannskyrkja har full vigselrett i mange land. I tillegg kan studentprestar og tilsette i den ambulerande prestetenesta gi kyrkjeleg velsigning av ekteskap som er inngått borgarleg.
Den personen som skal vie paret, tek kontakt for å avtale tidspunktet for vigslingssamtale og eventuell ”trening” i kyrkja før bryllaupet. I vigselsamtalen blir brudeparet einige med presten om oppbygginga av seremonien. Det er mange alternativ for deltaking både for dei to og for resten av brudefølgjet.
Vigselsamtalen kan ta opp tema som Guds vilje med samliv og fellesskap og gleder og pliktar i samlivet. Andre aktuelle spørsmål er kontakten familien har med nærmiljøet og storsamfunnet, og tilhøvet ekteparet/familien har til kyrkjelyd og kyrkje. På denne måten kan vigselsamtalen bli ei hjelp til å sjå perspektiva som ligg i ein forpliktande fellesskap.
Brudefølgjet kan medverke i dei liturgiske ledda og med eigne innslag i form av til dømes musikk eller opplesing.
Der den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå vedkomande kyrkjesamfunn.
Utskriftsvennlig versjon





